Dei to konsertkveldane vil innehalde både standardlåtar, høgdepunkt frå suksesskonserten med Chicago og ikkje minst klassiske storbandnummer. Vokalistar desse kveldane vert Trygve Sætre, Helga Hatløy Hagen og maestro Øvind Granden Berg, som stiller både som vokalist og instrumentalist.

–Konserten startar så tidleg på kveld at dette er ei fin anledning til å ta ein heilaften ute med påfølgjande middag, seier arrangøren i ei pressemelding.

Storbandet blei starta i 1982 av Tor Ulstein, i lag med medlemar i hovudsak frå musikkorpset Ulf i Ulsteinvik. 35 år har gått og i disse dagar har vi medlemar både frå Ørsta, Volda, Hareid, Herøy og Ulsteinvik, så dette er i aller høgste grad interkommunalt samarbeid. Med sine 35 år samanhengande drift er Ulstein Storband framleis i storform og eit av dei eldre storbanda i Norge. Storbandet har samla seg ei rikhaldig skattekiste med både gamle slagerar og nytt spesialskreve stoff.