Brandalskoret

Trekkspelklubben er svært glade for å ha fått Vyrde mannskor og Brandalskoret som gjestar. Saman kan dei by på eit rikhaldig og variert program.

Vedlagt ligg bildar av aktørane, samt eit orienteringsskriv om arrangementet.

Vyrde mannskor er ein lystig gjeng som hadde sin oppstart i Gursken i 1990, og har sidan då opptredd i inn- og utland. Koret har på desse åra gitt ut 2 CD-ar. Dirigent er Torgeir L. Hauge.

Brandalskoret var skipa i 1999 og består av 35 glade medlemmar som likar å synge all slags musikk, helst A Capella. Koret har tidlegare hatt konsertar saman med Ytre Suløen, Åsmund Norstoga og i fjor Kirsti Pedersen Haugen for å nemne nokre. Dirigent er Ingrid Remø.

Etter å ha vore nedlagt i mange år, vart Ulstein trekkspelklubb starta oppatt på nytt i 2009. Klubben har i dag 12 medlemar frå 12 til 70 år, og spelar eit variert repertoar. Dei kan sjå tilbake på eit aktivt år, der dei har tatt på seg fleire store arrangement. I vår arrangerte klubben distriktsmeisterskap på trekkspel på Reiten, der trekkspelarar frå heile fylket tevla i ulike klasser. I tillegg arrangerte dei eit stort samspelseminar for trekkspelarar frå heile fylket i mai.

Same helga som det skal vere musikk-kafé, skal klubben ha øvingshelg med Lars Røyseng frå Oslo som instruktør.

Musikalsk leiar er Linda Nygård.