Av Svein Nordal

Første gong publisert 22/1-14

Den tidlegare elverkssjefen i Hornindal har hatt godt over tusen spelejobbar sidan sin aller første «gig» nyttårskvelden 1962 – berre eit knapt år etter at Rolling Stones hadde sin debutkonsert i London.

– Dei spelar vel ikkje på gamleheimar enno, då … hehe, nei, men altså – det gjeld å tilpasse repertoaret til publikum. Eine kvelden framfører eg «Blott en dag». Andre kveldar – rett nok på oppmoding – syng eg «seksten lasaroner vil jeg ha til å bære min kiste, og fire gamle horer til å danse på min grav»…

Solum – opphavleg frå Toten – spelar i dag saman med ein annan bandveteran i Hornindal, campingplassdrivar Rolf Kobberstad.

– Tidene har verkeleg endra seg gjennom dei vel førti åra eg har spelt for folk, seier Kobberstad (57).

– På 1970-talet kunne det vere dans onsdag, fredag og laurdag på «Dølheim» her i Hornindal, med massevis av kjende artistar, som Ole Ivars og Inger Lise Rypdal. No er det dødt, om ein ser bort frå korpskonsert og dans kvar femte juledag, sukkar Kobberstad, som blant anna har spelt i Cheena og Haugens Kvintett.

– Vi spelte mykje på Sunnmøre også, ikkje minst i Vanylven, der vi hadde masse fans og overnatta på pernsjonatet over ein bensinstasjon eller på galleriet i sjølve danselokalet. Og så har eg vore med og backa kjende artistar, som til dømes Tore Skogmann, som utbraut i mikrofonen: «Nei, men faen – ni sjunger jo inte min text»…  eg var jo ikkje så nøye på det, og dikta min eigen tekst, skjønar du…

Sjølv var han så ung då han byrja å spele at han måtte ha med lapp frå foreldra med løyve til å spele til dans. –Den skreiv eg for det meste sjølv…

– Til saman har de to spelt til dans i over nitti år. Har de nokon gong drøymt å bli berømte?

– Nei, nei –aldri! Nei, drivkrafta har vore kameratskapet og gleda over å få folk til å ha det moro. Skal ein bli berømt må ein skrive sitt eige materiale, og gjere det bra…

– Går det på akkord med eigen smak når de spelar «det publikum vil ha»?

– Nei! Heldigvis likar vi same stilen musikk sjølve – svensktopp og gammalpop. Og vi er så rutinerte at vi veit kva repertoar folk vil ha på dei ulike spelestadene, seier dei to.