Av Charlotte Karoline Kvistad

Med 15 000 unike brukarklikk kvar veke og 50 000 følgjarar på Facebooksida til bloggen, er Anita Stokke Blomvik (34) sin blogg «Kvardagsmat» populær. Ein dag i veka har Anita permisjon frå jobben sin på Vik Ørsta for å arbeide med bloggen sin.

–Eg kunne nok jobba fulltid med bloggen, men eg trivst med sal og kundebehandling på Vik Ørsta. Det er godt å ha det sosiale med kollegaene mine, og jobbane er særs ulike. Eg likar å bruke kreativiteten min på bloggen.

Henta heim av VG

Det heile starta med at Anita hadde lyst til å lære å lage mat og ta bilete. Hausten 2013 byrja Anita å leggje ut bilete av eigenproduserte matrettar på Instagram. I frykt for at Facebook skulle stengje og at ho kunne miste eigarskapen for produkta sine, oppretta ho bloggen «Kvardagsmat».

–Det er fleksibelt med blogg. På bloggen min står eg fritt til å redigere når eg ynskjer det. I starten gjekk det ikkje an å redigere på Instagram, og det var synd viss der stod to spiseskeier salt i staden for to teskeier, smiler Anita.

BLOGG-LUKKE: Det kjekkaste med å drive bloggen er å få positive reaksjonar, syns Anita Stokke Blomvik, som opplev at folk heiar på ho og hjelper til når det trengs. Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Anita, mannen og dei to borna flytta til Asia hausten 2014. Då dei var vel framme, ringte ein frå VG og fortalde at Anita i «Kvardagsmat» var nominert til Årets Matbloggar.

–På det tidspunktet visste eg ikkje om eg ville fortsette med bloggen min, sidan vi skulle bu i utlandet. Men då måtte eg fortsette. VG ordna fly heim til meg for å lage promotringsvideo og Asiaturen måtte vente. Eg vart ein av fem finalistar. Trines matblogg vann, men eg fekk mykje trafikk på sida mi!

Nynorsk matblogg

I dag er Anita nøgd med å ha «Kvardagsmat» som ein deltidsjobb, og slik vil ho å fortsette å ha det. I fjor tok ho på seg svært mange oppdrag i tillegg til jobb og blogg, men i år er prioritering hardare.

–Med ein jobb ved sidan av bloggen står eg mykje friare til å velje kven eg vil samarbeid med. Eg må kunne stå inne for produktet og få skikkeleg betalt, elles publiserer eg heller oppskriftene direkte på bloggen min.

SMULDREPAI MED EPLE: Ei ny oppskrift kjem på bloggen i løpet av september, etter samarbeid med Helios. Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Bloggen «Kvardagsmat» er skriven på nynorsk. I 2016 fekk Anita tildelt Ørsta Mållag sin målpris og eit stipend frå Norges Mållag. For henne er det uunngåeleg å skrive nynorsk når ho er oppvaksen i Ørsta.

–Eg har inntrykk av at visst du skal tene pengar på blogg, bør du skrive bokmål. Det er meir strategisk grunna søkjemotorane på nett. Då er det fint å verte heidra og at nynorsken vert løfta fram i ein pris.

Mat er medisin

Interessa for matlaging har alltid vore der. Då Anita var yngre, ville ho gå kokkelinja for å lære å lage mat. Men valet fall på allmennfagleg utdanning, for alle venane hennar skulle gå der.

–Hadde eg gått kokkelinja, så hadde eg sikkert ikkje starta blogg. Det kom noko godt ut av det.

For Anita og familien er det viktig å lage mat frå grunnen av. Interessa blomstra etter at ho fekk barn, for ho ville gje næringsrik mat til sine små.

GOLDEN MILK: Anita Stokke Blomvik lagar ein betennelse-dempande helsedrikk etter oppdrag for Helios, ei økologisk merkevare. Foto: Charlotte Karoline Kvistad

–Då vi la om kosten følte eg meg betre sjølv. Barna har også godt av det. Mat er medisin, og det vi puttar i oss har innverknad på heile kroppen. Maten skal ikkje vere kunstig og det er eit dårleg teikn om ein ikkje greier å uttale namnet på innhaldet.

Michael Pollen seier det enkelt: Et mat, ikkje for mykje, mest planter. Og Anita legg til at det er mykje god helse i god mat.

Inspirert av fine matbilete

Anita låner gjerne kokebøker på biblioteket. I dei kikar ho på bilete og ingrediensar, og vert inspirert til å skape sine eigne variantar etter kva ho har heime i kjøleskapet og tørrvareskap.

–Det er inspirerande med fine matbilete. Når det er fint å sjå på, får eg lyst til å lage det. På bloggen min er det ekte varer, og bileta er naturlege.

For folk i farta som treng mattips, oppmodar Anita til å lære seg å lage to – tre enkle middagar. Då kan ein ty til dei når ein ikkje har tid til å lage mat, i staden for å lage ei posesuppe.

Favoritt-matretter som Anita anbefaler:

Raske retter:

·         Asiatisk laksewok med nudlar

Asiatisk laksewok med nudlar

·         Brokkolisalat med druer

Brokkolisalat med druer

·         Viltgryte med reinskav

Viltgryte med reinskav

Langtidsretter:

·         Braisert lammeskank med marokkansk curry

Braisert lammeskank med marokkansk curry

·         Eltefrie brød

http://kvardagsmat.no/?s=eltefrie+br%C3%B8d

Populære retter på bloggen «Kvardagsmat» :

·         Kyllingsuppe med nanbrød

Kyllingsuppe med nanbrød

·         Pølse og makaronigrateng

Pølse- og makaronigrateng

·         Vekemeny

Vekemeny 35

·         10 middager som er fine å fryse

10 middagar som er fine å fryse