Stipendet vil gje eit band eller ein artist moglegheita til å stå på scena for ein fullsett sal under Veka i Volda 2018: 14.-24. februar 2018.

–Det er viktig å utstråle lidenskap og stoltheit og samstundes kunne engasjere publikum i framføringa, men det treng ikkje å være pop, det kan like gjerne vere ei roleg ballade som rock, fortel Steffen Andersen, leiar av Veka 2018.

Konkurransen blir holdt i Volda torsdag 14. september 2017. Ein kan delta ved å sende inn film, lydklipp, Soundcloud-link eller YouTube-link og liknande til booking@rokken.no innan 11. august 2017. Juryen vil bestå av Åge Staurset, Ingelin Storstein Hole, Kristina Juul Jørgensen, pluss ein hemmeleg gjest.

–Vi vil sjå etter eit band eller ein artist som viser sjølvstendigheit, dyktigheit både musikalsk og i formidling. Vi vil også sjå etter eit band eller ein artist som kan bidra til å gjere festivalen enno meir variert og samstundes vere prikken over i’en i programmet vårt for veka 2018. Det er viktig for oss å få unge, lovande artistar opp og fram – og dette er ei unik mulighet, fortel Ingelin Storstein Hole og Kristina Juul Jørgensen som skal vere ein del av juryen.