Forskingsdagane gjev kvar år eit eineståande høve til å vise fram breidda i forskinga ved høgskulen til eit variert publikum både lokalt og regionalt. Her er nokre av arrangementa i Volda og Ørsta.

Verdien av høgtlesing

Barneboka er eit univers som barn kan drøyme seg inn i, leike og lese om att og om att. Høgtlesing for barn er utgangspunkt for gode felles opplevingar, og kan stimulere barn til ny leik og undring. Høgtlesing og forteljing er eit godt utgangspunkt for utvikling av språk-, lese- og skriveferdigheiter.

Fredag 22. september er det lesestund i lag med formidlar og lesegledar Trond Strand på biblioteket ved Høgskulen i Volda.

Dette er eit Klart vi les-arrangement, eit samarbeid mellom Nynorsksenteret og Nynorsk kultursentrum.

Verdien av koding

KODING: Laurdag 23. september vert det «kodeklubb» i Henrik Kaarstad-huset.

Verda over satsar land på å innføre programmering som ein del av det borna skal lære i skulen. Kva er programmering og kvifor ser mange dette som verdifull kunnskap?

Laurdag 23. september i Henrik Kaarstad-huset, skal vi prøve å leike oss fram til eit svar på dette spørsmålet, når vi inviterer til kodeklubb – for første gong i Volda.

Her skal vi sjå korleis vi kan få datamaskina til å gjere det vi vil, ved å lære oss datamaskina sitt språk. I tillegg til vanlege berbare datamaskiner, vil vi sjå på minidatamaskiner som vi kan kople leidningar til og få spanande ting til å skje. Ta med  berbar datamaskin om du har, hovudtelefonar og nysgjerrigheit.

Blomsten og bien – eit verdifullt eventyr

Eirik Søvik frå Høgskulen i Volda. Foto: Per Straume

Bier er utruleg viktige for oss menneske. Gjennom tusen av år har vi utvikla eit forhold til insektet som mellom anna husdyr.

Bli med på å utforske biene sin verden med tre forskarar laurdag 23. september. Det vert oppdagingsferd i nærområdet til Aasen-tunet for barn og vaksne i alle aldrar.

Her skal vi ut å sjå kven som er på besøk i blomane rundt Aasentunet.

Med på turen blir tre bieforskarar (Eirik Søvik frå Høgskulen i Volda, Anders Nielsen frå Universitet i Oslo, og Clint J. Perry frå Queen Mary University, London).

Litteraturkveld i Ivar Aasen-tunet

Andre verdskrigen vart eit vendepunkt for forfattarparet Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas.

Kva den urolege tida gjorde med litteraturen deira får du svar på av førsteamanuensis Anemari Neple og professor Jan Inge Sørbø søndag 24. september i Ivar Aasen-tunet.

Det vert musikalske innslag frå operaen Kimen ved komponist Magnar Åm, Avdeling for kulturfag, og Volda Vokal.

Verdien av lokal byggjeskikk

Høgskulelektor Kari Aslaug Hasle, Avdeling for samfunnsfag og historie, er oppteken av bygningar som kulturminne og kjelder til fortida.

VOLDA: I foredraget vil vi få sjå ei rekkje glimt av bygningar i Volda sentrum. Foto: Busetnadssoga – Volda kommune

Ved første augekast skil kanskje ikkje bygningskulturen i Volda sentrum seg særleg frå andre tettstader. Men har du først fått auga opp for dei mange uthusa i sentrum, vil du sjå at dei gir Volda eit særpreg.

Måndag 25. september i Berte Kanutte Huset vil Regine Solberg Aklestad, planleggar i Volda kommune  informere om eit pågåande bygningsmiljø-prosjekt som mellom anna skal munne ut i ein estetisk rettleiar for Volda sentrum.

Kva er målsetjinga for dette arbeidet, og korleis går ein fram i prosessen med å utarbeide ein bygningsestetisk rettleiar?

Det gode liv – heile livet

Alle ønsker vi å ha det godt gjennom heile livet. Under Forskingsdagane får du mange refleksjonar rundt korleis ein kan legge til rette for det i ulike fasar og situasjonar i livet.

Saman med Helse Møre og Romsdal og Sjustjerna helse og omsorg arrangerer Høgskulen i Volda seminaret «Det gode liv – heile livet» måndag 25. september. Målet er at dette skal bli eit årleg arrangement under Forskingsdagane.

Professor Roar Amdam, Avdeling for samfunnsfag og historie, reflekterer over kva det gode liv kan vere, før vi får presentasjonar av lokale prosjekt som «Palliasjonsprosjektet» ved prosjektleiar Anette Tarberg, Ulstein kommune og «Kvardagslivsrehabilitering» ved ergoterapeut Monica Gustavsen, Ørsta kommune. Høgskulelektor Øystein Salhus, Avdeling for kulturfag, vil spele og samstundes demonstrere korleis sang og musikk kan nyttast i demensomsorga.

Seminaret vert avslutta med Margreth Olin sin omdiskuterte film «Barndom».

Filmkveld i Hjørundfjord Filmteater

DOKUMENTAR: Frå filmen «Havet brenner».

«Havet brenner» er ein italiensk dokumentar om livet på den italienske øya Lampedusa, som på grunn av sin geografske nærleik til Libya vert målet for mange menneske på flukt.
Denne filmen tek føre seg livet til lokalbefolkninga på Lampedusa, som medan unntakstilstanden skyl over strendene, fortsett så godt dei kan med sine eigne liv. Utanfor kysten og på stranda utspelar derimot det ekstraordinære seg. Det er lokale liv som brått vert fanga i eit globalt spel.
Filmen vann Gullbjørnen for beste film på Filmfestivalen i Berlin 2016.

Visinga søndag 24. september på Hjørundfjord filmteater på Sæbø,  er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Filmsalongen ved Hjørundfjord Filmteater og Amnesty International.