Å finne det estetiske språket som høver for eins eige talent, og lære å meistre det, kan vere avgjerande for at eit barn eller ein vaksen skal greie å oppretthalde balanse og indre harmoni når livet stormar. Å få ei logisk eller matematisk eller fysisk forklaring er ikkje alltid godt nok. Somme tider treng ein uttrykke sine livsopplevingar estetisk for betre å forstå dei og bearbeide dei.

Årets studentar i «Intuitiv komposisjon, improvisasjon og musikkfilosofi» har fått lære å uttrykke seg musikalsk. Og desse orkesterkomposisjonane er det klingande resultatet av deira uttrykksbehov så langt.

Kanskje vil dei også sjå verdien av å bruke det musikalske språket som eit middel til å bearbeide framtidige livsopplevingar?

Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda. Dirigent er Magnar Åm.