Dette skjedde på årets Ildsjelsamling nyleg, og Ervik vart altså tildelt den gjevast prisen.

Mot-coachane er dei som gjennomfører MOT sitt program «Robust ungdom»  i klasseromma rundt om i landet. Eit av dei viktige måla for arbeidet er å stimulere ungdom til å seie nei til blant anna narkotika.

Ervik har vore MOT-coach på skulane i Vanylven sidan 2011, og det var ein rørt og takksam prisvinnar som tok imot prisen – som ho fekk i konkurranse med 700 andre.

– Dette var utruleg uventa. Det viktigaste i denne jobben er å sjå alle ungdommane. Vanylven er eit lite lite lokalsamfunn, og det er ekstra viktig å også sjå ungdommane etter skulen. Husk det, folkens, de kan ikkje berre gløyme ungdommane når skulen er slutt. De må ha ungdommane i hjartet 24/7, kommenterte Ervik etter tildelinga.

Grunngjevinga

I grunngjevinga for tildelinga vart det lagt vekt på at Ervik har gjort ein stor innsats som MOT-coach gjennom mange år. Svært positive tilbakemeldingar frå ungdommar ho har hatt kontakt med talde også tungt.

«Veslemøy er utan tvil eit kraftsentrum for MOT i Vanylven. Ho har vore MOT-coach og MOT-koordinator i Vanylven sidan 2011, og er einaste MOT-coach på begge skulane der: Åheim skule og Myklebust skule. Begge skulane ligg høgt over landsgjennomsnittet på MOT-granskinga, så det er ingen tvil om at Veslemøy når fram. Alle ungdommar som har MOT i Vanylven, har eit forhold til Veslemøy», heiter det i grunngjevinga.