Tanken er å samle og vise fram eldre køyrety og reiskap. Mottoet er «Alt på hjul over 30 år». Arrangørar er Follestaddal Idrettslag / Follestaddal Ungdomslag.

Årets hovudgjest er bilethoggar Arne Askeland som skal demonstrere motorsagkunst. Det vert auksjon av det han lagar. Magne Raknes kjem også for å presenterer smikunst frå «Magnes Smie».

Elles vert det mellom anna utstilling av gamle stasjonærmotorar, salsbuder med handverksprodukt, sal av mat og drikke og utstilling av ulike typer dyr.