45 lag frå Norge, Sverige, Danmark, Færøyane og Island var samla for å konkurrere i finalen i FIRST LEGO League. Totalt var over 650 deltakarar samla på Fornebu for å konkurrere om prisar i kategoriane forsking, teknologi, marknadsføring, kjerneverdigar og robotløype.

Privatlaget Volda Legoklubb har vunne prisar i FIRST LEGO League kvart år sidan første gongen dei var med i konkurransen i 2013. Laget består av fire jenter og seks gutar i alderen 11 til 15 år.

Volda-laget gjorde ein solid innsats i finalen, men nådde ikkje heilt opp denne gongen.

–Realfagstalent er ei sjeldan vare i Norge. Volda Legoklubb har vist ein imponerande innsats, glød og læringsvilje under heile turneringsperioden. Forhåpentlegvis vil mange av deltakarne bli ingeniørar og forskarar i framtida, seier Christine Instebø i ei pressemelding.

Instebø er sponsorsjef for talentprogrammet Statoil Morgendagens Helter, som samarbeider med organisasjonen FIRST om LEGO League-arrangementet.