Det blir som vanleg ei god blanding av sakrale-, profane songar. Koret har øvd inn to nye verk av nyare dato, som dei gler seg til å framføre i kyrkja. I serien med å leite fram gamle julesongar, kjem dei i år med «O du herlige» som mannskoret hadde på repertoaret i tidlegare tider.
På konserten i år vil dei ha tonefylgje på orgel, traktert av Roar Goksøyr.
Mannskorsongarane og dirigent Ivar Hagen, gler seg til ei hyggestund i ei kanskje fullsett kyrkje laurdag 2. desember.