Av Kari Brandal

Det er mange han saknar heime i Noreg, men akkurat der og då var det søskenborna på Saunes han lengta etter.

– Vi skulle aldri flytta hit, sa han.

Kari Brandal, 35 år frå Ulsteinvik. Sambuar med Johan Dalsøren frå Hareid og har to gutar på to og sju år. Flytta til Sør-Korea i august i fjor og skal vere her til sommaren 2017. Johan jobbar med byggetilsyn av Statoil-riggane Askepott og Askeladden. Eldstemann, Martinus, går på internasjonal skule og Olav på to år går i koreansk barnehage.

-Eg óg saknar mange heime, sa eg, men eg synes det er godt å kjenne på det. Vi ser jo dei igjen snart og med oss har vi alle opplevingane frå dette eventyret vårt. Eg trur dei fleste synes vi er heldige. Martinus tvilte nok litt på den påstanden.

Tårene leda oss til ein samtale om å sakne. At det er forskjell på å sakne nokon som vi får møte igjen og å sakne nokon som aldri kjem attende.

-Slik som morfar. For i dag er det 17 år sidan han forlot oss og sjølv om smerta ikkje er like intens lenger, så vil saknet alltid forbli.

Martinus sin morfar, min pappa, fekk aldri møte sine barnebarn. Den fyrste kom drøye fire år etter han døydde. Fem gutar har det blitt. Han har gått glipp av mykje.

-Kor gamal vart han, mamma? Kva døydde han av? Gråt du då han døydde? Kven vart mest trist? Kan det skje med deg eller pappa? Kan det skje med nokon vi kjenner? Du var ikkje gamal, mamma. Du var berre 18 år. Men han levde litt da, nesten 48 år. Det er jo litt lenge.

Mange og betimelige spørsmål kom som perler på ei snor.

Eg vart fortalt ein gong at dersom ubehagelige spørsmål blir avvist så opnar du for at fantasien kjem med eit svar som kan vere vanskelegare å handtere enn sanninga. Eg kan ikkje love at eg blir gamal og grå. Eg kan ikkje love at eg aldri blir sjuk. Eg kan derimot trygge 7-åringen med at sjansen for at det skjer er liten og at uansett kva som hender i livet så vil han og broren alltid bli tatt godt vare på.

-Eg saknar oldemor, mamma.

-Eg og, Martinus.

-Og så saknar eg han i rullestolen.

-Meiner du oldefar?

-Nei, ikkje han akkurat. Han med den elektriske rullestolen.

-Ja, eg veit kven du meiner. Mormor sin nabo, Asbjørn.

-Men eg er redd for at det som skjedde med morfar skal skje med meg, mamma.

-Det hadde vore fryktelig trist, Martinus, men vi veit ingen kva som skjer i framtida.

Eg må innrømme at tanken om hva dette kunne sette i sving i eit barnesinn faktisk streifa meg. Kjem dødsangsten tilbake? Blir det vanskeleg å legge seg i kveld? Men nei, han sovna før hovudet traff puta. Ein ærlig og god samtale der han følte at han fekk svar han kunne leve med satt tydeligvis ikkje fantasien i sving.

Eg er så enig med mi gode klassevenninne frå vidaregåande:

«Å sakne folk er den finaste triste kjensla som finns» – Maria Parr.