Av Knut Arne Høyvik

Illustrasjon: Sture Lian Olsen

– Egg og bacon sjølvsagt, svara høna.

– Ja men då må eg døy, sukka grisen.

– Ja slik er det i alle fusjonar, nokon må døy, sa høna.

I løpet av nokre få år har det meste blitt for smått her i landet. Eg er litt usikker på kven som har funne det ut. Men det ser ut for at det slår ei bylgje inn over landet, der finst berre eitt svar på alle våre utfordringar i både offentleg og privat sektor: Slå saman alt som kan slåast saman, erstatt det vesle og mellomstore, med noko som er skikkeleg stort. Pass på å bruke fine ord som restrukturering, konsolidering, synergieffekt og robust, og ein er på god veg til å vinne spelet om den nye tid.

Dei som protesterer mot evangeliet, vert sett på som bakstrevarar og umoderne mørke-menn som er ute av stand til å løfte blikket og sjå lyset. Det er ikkje nokon som vil ha eit slikt stempel i panna, difor er vi motvillig med på ferda.

For kommunane er for små, fylka er for små, lensmannskontora er for små, sjukehusa er for små. Offshorereiarlag som i ein normalsituasjon fungerte heilt glimrande, vart brått for små, og vart slukte av dei store. Dei store fekk til alt overmål god hjelp av statens eigen etat Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK). Staten gir, og staten tar, statens namn vere lova.

Nesten alt er blitt for smått i dette langstrakte landet, Ein skal vere varsam med å stille kritiske spørsmål, med mindre ein kan slå i bordet med ei doktorgrad i samfunnsplanlegging eller økonomi. For dette er utan tvil ein arena for ekspertane, folkevitet må vike for tabellar og kurvar på lysbilda som vert synte fram i konferanseroma. Nåde den stakkar som reiser seg og protesterer. Mannen på podiet er professor må vite, og slike skal ein ikkje kødde med. Difor er autoriteten til det sunne vitet i ferd med å drukne i ekspertane sitt djupe hav.

Det er ikkje alt smått som verkar slik det skal, men det gjer neimen ikkje alt som er stort heller. Spørsmålet er; skal vi endre på det som faktisk verkar? Ja det skal vi, får vi til svar frå dei lærde.

– Ja, kvifor det? spør vi nysgjerrig.

Det er då vi får det klassiske svadasvaret:

– Verda har forandra seg.

Ja, det er sant, men verda har faktisk forandra seg heile tida, og dersom ein ser godt etter, så har vi forandra oss med den, jamt og trutt heile tida. Vi har ikkje stått stille ein einaste dag, sjølv om mange hevdar det. Vi har gjort alt vi har kunna for å få både næringsliv og folkestyre til å fungere i våre lokalsamfunn. Når folk kjenner etter, er dei til og med litt stolte av det dei har fått til.

Vår rasjonelle tanke fortel oss at det er klokt å slå saman kommunar, men vi forventar ei god forklaring og ei god grunngjeving på kva slags forbetring det blir for oss alle. Får vi ikkje det, er vi ikkje heilt klar, vi leitar oss fram i landskapet, og prøvar etter beste evne å finne gode og fornuftige løysingar.

Problemet er at alt for mange trur at alt som vert slått saman til noko stort blir bra, og alt som er lite er dårleg. Dei ivrigaste talsmenn og talskvinner for slike løysingar går på ideologisk autopilot, og likar ikkje motførestillingar. Kanskje må kursen deira justerast litt, og farta må reduserast. Det må ein navigatør alltid gjere når han kjem i ureint farvatn. Det går veldig fort i svingane no, på fleire område, og folk kjenner at dei misser litt fotfeste og er uroa for utviklinga.

Uansett, landet ligg der som før, med sine mange øyar utan fastlandsamband, djupe dalar, høge fjell og store avstandar. Det kjem vi oss aldri forbi same kor vi flyttar rundt på lensmannskontor, rådhus og lokalsjukehus. Vår Herre gjorde det ikkje enkelt for verken oss eller dei som skal styre denne steinrøysa.

Grisen takka nei til fusjonen med høna. Kanskje kan vi lære litt av det.