Av Knut Arne Høyvik

Det ser ut som eit salig rot, heilt utan plan og struktur. Vår Herre tenkte sikkert at folket ville skunde seg og gå aust om fjella, for å få livd for stormane, og finne grøderik jord. Men det gjorde dei ikkje. Vi veit lite om kven dei var, dei første som slo seg ned her. Men vi veit at dei snudde  ryggen til fjella og ansiktet mot havet.

Sjå vel etter neste gong du ser ein øybuar, du ser knapt nokon som står med ryggen mot havet. Ser du nokon som gjer det, er det mest sannsynleg ein japansk turist, eller ein som ser etter saudene sine.

Første tida sigla og rodde dei mellom øyane. Av og til kollsiglde båtane og mange liv gjekk tapt. Skjærtorsdag i 1776 omkom 14 menneske frå Herøy på veg til kyrkje. I kyrkjebøkene finn ein prov på fleire store ulukker med båt, når folket skulle flytte seg mellom øyane. Då motoren kom, vart det ei ny tid, anten dei skulle til naboøya for å handle, eller vitje kjærasten.

Det er ingen sensasjon at det vart ei maritim klynge her hjå oss. Vi er fødde med båt under beina, og sørvesten rett i fleisen. Vi er designa for å halde på med noko maritimt, og vi gjer det, faktisk med stort hell. I nyare tid har øybuarane alltid sett over fjorden, eller over sundet, og tenkt; her må det kunne byggast ei bru. Og dei har gjort det. Nokre heldt på i årevis for å overtyde styresmaktene om at akkurat her må det byggast ei bru. Ja, nokre brukte så mange år av livet sitt, at dei ikkje fekk oppleve å sjå brua ferdig.

Herøyværingane var pionerar, dei tok mål av seg til å knyte saman øyane i kommunen, og dei fekk det til. I 1968 opna dei to første bruene, Nerlandsøybrua og Remøybrua, og det vart ei ny tidsrekning i Herøy. Det var ein lang diskusjon i lokalmiljøet om bruene skulle byggast. Når dei først vart samde, var det ingen som kunne stoppe dei.

No får Herøy på mange måtar svi fordi dei var tidleg ute. Og kanskje er dei ikkje like samde no, som dei var. Det er alltid ei ulempe.

Denne veka bestemte fylkestinget at dei ikkje ville løyve pengar til ei ny bru til Nerlandsøy. Brua som er femti år gamal er i veldig dårleg stand. Armeringsjarnet stikk opp frå asfalten, brua er skada både av korrosjon og overlast. Det er sett i verk avgrensingar for tung last.

I 2012 varsla Statens Vegvesen at både Nerlandsøybrua og Remøybrua  hadde att ei levetid på fem år. Det var dei to bruene som var i dårlegast stand.

Dei fem åra er gådde, og det hastar med å gjere noko med bruene. Statens Vegvesen seier at tilstanden på Nerlandsøybrua er så dårleg at den ikkje kan reddast. Det kan vere snakk om kort tid før brua må stengast av omsyn til tryggleiken.

Men fylkeskommunen har ikkje pengar. Ein kan verkeleg lure på kva som skjer. Har ein hatt så sterkt fokus på dei store samferdselsprosjekta at ein har gløymt at dei gamle bruene treng vedlikehald og fornying. Det er teikn som tyder på det. Men dette må no stemplast som ei hastesak, der staten om mogleg må gripe inn og finne ei løysing. Etter mitt syn treng ein ikkje så veldig stor seglingshøgde, dei største båtane går ikkje under desse bruene likevel, og kjem aldri til å gjere det. Dette er ikkje ei hovudlei og draumen om at det skal bli det, bør leggast djupt i skuffa. Det er litt av eit paradoks, at det vi hadde råd til å bygge på 1960-talet, har vi ikkje råd til å fornye og vedlikehalde no. Landet vårt minner om ein gamal ungkar som puttar pengar i madrassen, men går svolten til sengs, og reparerer bilen med streng.

Folket i Herøy fortener betre enn dette, dei har gjort ein solid jobb med å fylle opp den offentlege pengekassa. Som det heiter i westernfilmane: «Show me the money».