Av Knut Arne Høyvik

Elles blir folk oppmoda om å stå lengst mogleg i arbeidslivet, men det gjeld ikkje for LO-leiarane.  Skilnaden på liv og lære er lett å få auge på. Men Gerd Kristiansen treng ikkje å uroe seg, ho får behalde løna si på 1,2 millionar kroner, til ho er 65 år.

Det er ikkje Gerd Kristiansen som har funne på dette, det er viktig å understreke. Dette vart bestemt av andre for mange år sidan. Saka blir ikkje betre av den grunn.

Når media blir nærgåande og kritisk til dette, forsvarar LO seg med at Kristiansen skal halde fram å arbeide for organisasjonen. Ja vel, ja, men då heiter det ikkje etterløn, då heiter det løn.

Vi ser denne ukulturen i privat næringsliv, og i offentleg sektor. Folk sluttar som leiarar, men held fram som konsulentar med same høge løna. Det smakar like dårleg, nesten same kvar det skjer. Men når dei som sit i arbeidarrørsla si høgborg, fall for freistinga og innførte denne ukulturen, då blir det dessverre ekstra usmakeleg. For løftar ikkje LO fanene høgt, med ord som; solidaritet og likeverd? Rykkjer dei ikkje ut med kritikk, når ein næringslivsleiar går og får etterløn?  Visst gjer dei det, og dei sit i glashus og kastar stein.

Ein leiar skal ha god løn, også ein LO-leiar. Men når dei ikkje er leiarar lenger, må dei klare seg på same måten som anna folk. Dei kan ikkje ete seg meir enn mette, dei heller. Det blir etter kvart umogleg å forsvare desse etterlønsfestane, anten dei skjer i LO eller hjå andre. Den vanlege kvinne og mann som gjer ein jobb, tek i mot løn så lenge dei er i jobb. Når det er slutt på jobben, er det slutt på løna.

Når det blir ropt om moderasjon frå samfunnstoppane, minner det om eit godt regissert teater. Det  skal ikkje vere slik, fordi det skaper disharmoni i arbeidslivet. Det er rett og slett ikkje rettferdig, og eg er ikkje spesielt avundsjuk.

Epilog:

«Berit» tømde vaskebøtta og vrei moppane. Kosten, støvbrettet og moppeskafta sette ho tilbake i skapet. Ho hadde gjort det fleire hundre gangar før. Ho tok eit raskt overblikk over det store kontorlandskapet. Ho såg eit tomt Yoghurt-beger under ein kontorpult, som ho plukka opp og kasta i bosset. Ho tok av seg gummihanskane, sløkte lyset, og gjekk ut døra, og ut av arbeidslivet.

Ho var 62 år, og ho hadde vore i arbeid sidan ho var sytten. Hardt arbeid, for det meste vasking og rydding. Ho fekk ikkje høve til utdanning, nokon måtte ta seg av den sjuke mora hennar. Etter at ho gifta seg og fekk barn, var det ikkje mogleg med utdanning. Då ho vart åleine med dei tre borna, var ho låst til den harde jobben. Ho kjempa som ei løve, og tok ekstrajobbar for å sikre borna utdanninga, som ho sjølv ikkje fekk. Det hadde ho lukkast med, borna var godt utdanna.– Intelligens er ikkje fordelt etter lommeboka, brukte ho å seie.

Ho hadde sett den eine politikaren etter den andre stå fram og oppmode folk til å stå lenger i arbeidslivet. Sjølv kunne ho ha jobba til ho vart 67. Men det var lenge sidan kroppen tok til å protestere. Skuldrar og rygg var utslitne, og ho stod i fare for å bli uføretrygda, og tape pensjon. Difor slutta ho no, og det var ikkje ein gong vemodig. Ho hadde aldri stilt krav, ho hadde teke i mot det ho fekk, men gleda seg over kvart lønstillegg. Nesten kvart år var det nokon som minna henne om at lønskrava måtte vere små. Det kunne gå ut over økonomien til landet, dersom sånne som henne fekk eit lite påslag. At toppane forsynte seg grovt av felleskassa, var visst ikkje så farleg for landet.

Men no var det slutt. Ho fekk ein bukett blomar med sjefen som takk for lang og tru teneste. No sette ho vasen med blomane hardt ned på stovebordet, og skreiv to ekstra ord på takkekortet:

«Farvel solidaritet!»