Av Knut Arne Høyvik

I bilen er det du sjølv som bestemmer om du vil feste beltet, eller ikkje. Eg innrømmer gjerne at eg ikkje alltid har vore like flink. Det kan politiet stadfeste, eg har fått tre bøter for manglande beltebruk, og eg er ikkje stolt av det. No køyrer eg ikkje ein halv meter utan at eg har festa beltet – vi lærer nemleg så lenge vi lever. For mange kjem dessverre lærdomen for seint.

Ein septemberdag i fjor, kom eg køyrande frå jobb i Fosnavåg. Klokka var ca fire, det var ein fin haustdag. Vegen var tørr og køyretilhøva var gode. Eg hugsar at eg var i godt humør den dagen. Då eg kom inn i 60-sona før Herøybrua, skrudde eg opp CD-spelaren eit par hakk. Eg likar litt høg musikk når eg køyrer. I det eg runda den slakke svingen før brua, ser eg ein bil som skjer ut, og kjem heilt over i mi køyrebane.  Eg ser at bilen kjem rett mot meg. Instinktivt prøvde eg å køyre ut for vegen, men eg rakk det ikkje. Fleire tankar gjekk gjennom hovudet mitt. Eg hugsar godt kva eg tenkte like før det small: Ja, ja, du vart berre 60 år. Hjernen min var sikkert programmert til å tru at eg ikkje kunne overleve ein front mot front kollisjon i 60-kilometer i timen.

No vart det ikkje heilt front mot front, heldigvis. Airbagen slo meg i svime, og då eg kom til meg sjølv, såg eg ein mann som kom for å hjelpe meg. Bilen min hadde blitt kasta ut for vegen, og var totalvrak.

Då ambulansen kom, tok personalet ingen sjansar. Etter eit stund, var både eg og han i den andre bilen, på veg til Ålesund Sjukehus i helikopter. Heldigvis gjekk det bra med han også. Eg har aldri bebreida han, fordi eg veit at det er ein seriøs mann, som av ein eller annan grunn kom over i feil køyrebane. Det kan skje oss alle, det er viktig å huske på.

Det var eine foten min som fekk største smellen, og det vart nokre veker på krykkjer – bagatellar med andre ord. Vi menneske er slik skrua saman, at vi har lett for å tenke på kva som kunne ha skjedd. Kva om det var veldig høgt ned, der eg for ut for vegen, kva om ditt og kva om datt? Det er tankar eg måtte kvitte meg med fort, eg skulle trass halde fram med å køyre bil. Men ein tanke har eg ikkje kvitta meg med, og kjem heller ikkje til å gjere det. Då legane viste meg dei markerte såra som bilbeltet hadde laga på kroppen min, fekk eg ei aha-oppleving. Eg skjøna dei store kreftene som hadde vore i sving. Eg er heilt sikker på at bilbeltet redda meg frå store skader, eller frå døden. Eg kjende med ein gong på dårleg samvit, for dei gongane eg har køyrt utan bilbelte.

I Norge har vi blitt flinkare og flinkare til å bruke bilbelte dei siste 10 åra, melder Statens Vegvesen. Om lag 95-97 prosent av oss brukar no bilbelte. Likevel viste tala for 2015 at så mange som 4 av 10 av dei som omkom i trafikken, ikkje hadde på seg bilbelte.  Det er nifse tal, som det går an å gjere noko med. Ein skal hugse på at om fem prosent ikkje bruker bilbelte, er det fleire titusen bilførarar og passasjerar.

Denne veka gjekk Jørn Skår ut i Vikebladet med fylgjande varsel: -Bruk bilbelte folkens. Han kom først til ei bilulukke som skjedde i Kvalnestunnelen førre laurdag. Han er sikker på at utfallet hadde blitt mykje verre, dersom dei som var innblanda, ikkje brukte bilbelte. Då kom eg på at eg ville dele denne historia, fordi det han sa er så viktig. No er det sommar, ferietid og meir utfart enn vanleg.

Bruk bilbeltet, og fest deg til livet.

God Helg