Av Knut Arne Høyvik

Men når vi ser oss rundt ser vi heldigvis mange heltar, og vi får stadig nye.

Vi treng heltar, dei som gjer noko ekstraordinært, dei som gjer vage draumar til røyndom for seg sjølv, og for oss «Det er den draumen, at me ei morgonstund skal glida innpå ein våg me ikkje har visst om» skriv diktaren Olav H. Hauge.

Heltane gjev oss nemleg betre sjølvkjensle og framtidstru. Ingen ting er umogleg, det umoglege tek berre litt lenger tid.

Om kvelden den 9. august fekk vi ein ny helt, då Karsten Warholm endra idrettshistoria på drygt 48 sekund, i regnvêret, på Olympia Stadion i London.

Det ligg ufatteleg mange arbeidstimar bak resultatet. Kanskje har vi lett for å gløyme akkurat det, i sigersrusen. Dette vart i meste laget, vi trudde ikkje det vi såg, og vi treng tid til å fordøye det.

–Knip meg i arma, sa Karsten til Reuters-fotograf Phil Noble, like etter målgang. Karsten

skjøna heller ikkje heilt kva som hadde hendt. Bilete av ansiktsuttrykket hans, då han såg på tavla at han hadde vunne -gjekk verda over.

Norge og verda hadde fått ein ny helt, ein som vi alle vil eige litt i. Heimkommunen hans Ulstein stod på hovudet i dagevis, vi har lov til å vere lokalpatriotar. I kråa på kafeen på Blåhuset har gamlekarane mange tema oppe til debatt. Hødd er mest omsnakka, og det blir gjort djupe analyser av kampane. No fekk dei ein verdsmeister i fanget, og slekta til guten vart granska 100 år tilbake i tid. Og som ein av dei største Hødd-patriotane sa: – Dette trengde vi, heldigvis har vi Karsten.

I førre veke var Karsten heime i Ulsteinvik. Køa av born, unge og vaksne som ville ha autograf og selfie, var lang, og Karsten tok seg tid til dei, helten var på heimebane.

I Ulstein har folket tradisjonelt hatt to referansepunkt på om ting går bra. Det eine er at verfta og den maritime industrien har kontraktar, og tener pengar. Det andre er at Hødd gjer det bra, og vinn fotballkampar. Dimna IL og fridretten har levd litt i skuggen av fotballaget- den tida er definitivt forbi.

I det siste har det har butta i mot både ved verfta og på Høddvoll. Vi trengde ein opptur, men at det skulle bli så spektakulært, hadde ingen drøymt om. Eg tenkjer tilbake til min ungdom, då eg ofte sleit med å forklare folk kvar Ulsteinvik ligg i landet. – Er ikke det oppe på nordvestlandet et sted?, var ofte spørsmålet eg fekk frå desorienterte austlendingar. Møtte du nokon som var fotballkunnige, var det enklare, då var det nok å seie; Hødd og Kjetil Hasund.

I 2012 vann Hødd cupfinalen på Ullevål og Ulsteinvik vart markert på Norgeskartet. No er det veldig enkelt; vi kan seie at Ulsteinvik er ein tettstad, som ligg like i nærleiken av Dimna, og folk vil nikke.

Men vi må vakte oss vel, slik at patriotismen ikkje går over i hovmod, det står som kjent for fall. Det er viktig å hugse at verdsmeisteren er eit resultat av eit godt fellesskap som har bygt han opp over tid. –  I Dimna heiar vi like mykje på dei som kjem sist til mål, som dei som kjem først, og gleder oss med dei når dei set personleg rekord, fortalde Mr. Dimna, Olav Hansen meg i førre veke. Det fortel noko om verdigrunnlaget som ligge i botnen.

Dei som har gjort noko ekstraordinært i idrett, næringsliv eller i krig, minner oss om at vi menneske kan greie det meste, sjølv om vi aldri blir verdsmeistrar.

Livet er eigentleg eit langt hekkeløp, nokre gongar flyg vi lett over hekkane, andre gongar treff vi ein hekk med eit brak.

Då er det godt å få inspirasjon av heltane våre, som gjev liv til våre heilt enkle og vanlege draumar. Zorro kjem ikkje tilbake, men Karsten kom heim. Han har føtene godt planta på jorda – heilt til startskotet går.