Av Knut Arne Høyvik

Eg høyrde om ei dame som hadde vore til undersøking ved St. Olavs Hospital, ho hadde tette blodårar i beina.
– Ja, der kan du sjå resultatet av røykinga, proklamerte lækjaren triumferande. Ho hadde aldri røykt, eller ho hadde visst røykt ei tipakning i ungdomen.

Når ein lækjar ser på meg med røykeblikket sitt, har eg ei kjensle av at dei seier noko, utan å seie det høgt:
– Du kan berre ha det så godt.

Sjølv då eg braut ein fot, kunne lækjaren i stort alvor fortelje meg, at om eg slutta å røykje ville foten gro raskare. Dei tek oppdraget sitt på alvor, og målet er å betre helsa til oss alle, ære vere dei for det. Det er oppdraget deira.

Røyking er farleg, røyking er dumt, og no har dei lærde funne ut at det er berre dei med låg utdanning og som er nedst på samfunnsstigen, som røyker. Ja, dei må sjølvsagt gni det inn, og ta frå oss siste rest av sjølvkjensla. Sjølvsagt er vi hata over alt vi kjem, og pustar røyk på dei som ikkje vil ha den. Sjølv ute i ein sørveststorm, kan folk klage på røyken, som forsvinn like fort som den kjem ut.

Eg trur at om eg hadde sett ei sprøyte heroin, hadde ingen kommentert det. Alle som røyker, eller har røykt, veit at det ikkje er enkelt å kvitte seg med denne dårlige vanen. Dei som vil vere litt artige på vegne av oss, slår fast at om skaparen hadde meint at vi skulle røyke, hadde vi vore utrusta med skorstein. Så ler dei rått mot oss, og tykkjer dei er morosame. Det er eit poeng, sjølv om det er eit dårleg poeng. Røyken er eit stimuli som vi diverre blir avhengige av, og dei som aldri har røykt, skjønar det ikkje.

Men når ein får skalpellen på strupen, og streng beskjed om å slutte, blir det litt annleis. Difor er eg midt i ein krig mot ein Prince. Nei, det har ingenting med monarkiet å gjere.
Princen på andre sida av skytargrava, ligg fint stabla i ein raud pakke, til ein pris av kr 117.90 pr. pakke. For den summen kan eg få ei bukse på sal på Dressmann, eller ei utgått CD-plate med The Beatles. Så steike dyrt er det å røyke nemlig.

Det blir hevda at det ikkje er hjelp i å vinne slaga, om ein taper krigen. Det er om lag slik krigen mot Princen ser ut i skrivande stund. Eg pøsar på med antiluftskyts, stridsvogner og mitraljøser, og på dagtid er Princen fleire gongar på vikande front. Han ligg i øskja si som ein fallen soldat, og ventar på fyr, idioten.

Men så skjer det som ikkje skal skje i ein krig, eg passar ikkje bakhaldet. Om morgonen når kaffilukta riv meg i nasa, då kjem han pustande bak ryggen min, og han bruker kanoner. Før eg veit ordet av det, brenn han i munnen min, og eg kjenner meg som ein mislukka general.

Eg prøver å gå til motangrep med heile våpenarsenalet mitt, og no vurderer eg atomvåpen. Eg vil slette ut Princen ein gong for alle, raskt og effektivt. Men då ber han om våpenkvile, og før eg veit ordet av det kosar vi oss i lag på den røykfylte slagmarka.

No har eg skifta strategi, lagt ned våpena, og gått over til økonomiske sanksjonar. For når eg byrjar å sjekke kor mykje eg kan spare ved å slutte, ser utsiktene litt lysare ut. Ingenting motiverer ein sunnmøring meir enn pengar.

Det er sikkert det einaste språket Princen forstår, at han ikkje blir med i handlevogna. Det går nok rette vegen, men framleis står han smilande ved døra mi, som ein falskspelar. Eg beundrar dei som berre legg frå seg skiten, og sluttar momentant. Det har eg prøvd, utan å lukkast.

Om eg vinn denne skitne krigen, har eg bestemt meg for at eg skal håne alle som røyker. Dei kan berre ha det så godt.