Av Kari Brandal

Om ein skal tolke det heilt bokstaveleg så kan ein spørje seg om det kanskje er litt mykje å forvente av ein fire-femåring.

Stort sett kan dei verken lese eller skrive. Dei har nyst byrja kle på seg sjølv, men må ofte ha hjelp til glidelåsen på jakka. Dei blir fortsatt bedt om å bøye seg fram når dei et, for å unngå at storparten av tomatsuppa endar på golvet. Nokre slit kanskje litt med å rulle R-en ordentleg og majoriteten treng hjelp til basisbehov etter toalettbesøket. Men i samme åndedrag som vi ber dei hugse på handvasken så spør vi igjen, ”Har du tenkt på kva du skal bli når du blir stor?”.

Eg skulle lenge bli frisør. Med mor med eigen frisørsalong var det eit naturleg val og eg var i tillegg eksepsjonelt god på å flette. Ferdigheitene stoppa der.

Som elev ved ein internasjonal skule fekk eg kjenne på at vi i Noreg ikkje var spesielt tidleg ute med å fokusere på universitetsval og potensielle karrierevegar. Femten år gamle øvde vi på å skrive anbefalingsbrev som vi skulle sende til det universitetet vi hadde drøymt om sidan tidleg barndom. Ja vel, tenkte eg, og skreiv eit proformabrev til Norges Idrettshøyskole. Draum og draum. Eg fekk i det minste øvd på å skrive eit formelt brev. Men eg må innrømme at tanken slo meg; er dette noko eg burde tenkt på for lenge sidan?

For vi er ikkje så tidleg ambisiøse her i Noreg, samanlikna med mange andre land. Og det er greitt, synes eg. Vi vel ikkje barnehage for borna med det mål for auge at det skal opne slusa rett inn på legestudiet. Vi er ikkje så opptekne av at borna våre skal kunne lese og skrive før dei fyller fire år og gangetabellen ventar vi med til eit par-tre år inn i barneskulen. Fysisk fostring og utvikling av sosiale ferdigheiter står i fokus. Det blir fort nok alvor, synes vi.

Og jaggu blir det ikkje folk av oss også. Eller, iallfall dei fleste, slik ein kollega sa som støttande ord då eldstemann var i verste trassalder. Svett på ryggen frå morgonens krig lot eg meg ikkje roe av dette: Berre dei fleste? Eg følte meg ikkje trygg. Ho fekk heldigvis rett, men nok om det.

Nokre har det slik at dei frå tidleg av er tydelege på kva dei er god på. Det du er god på og synes er gøy, det gjer du gjerne meir av. Det du gjer meir av blir du bedre på. Og det du er god på haustar skryt. Og så vidare. Dette kan gjere karrierevegen synleg på eit tidleg tidspunkt og det blir lettare å jobbe vidare mot dette målet. Trur eg.

Men for andre har ikkje denne vegen vore så opplagt. Eg, til dømes, har alltid vore flink på skule. Jamne karakterar. Likt å skrive, likt å rekne. Likt skule, enkelt og greit. Eg har gjort leksa mi og fått betalt. Det har betydd noko å få tallfaste tilbakemeldingar. ”Du kan bli det du vil”, sa rådgivar på vidaregåande. Jau, med visse unntak, så var vel det mogleg om innsatsen vart lagt ned. Men når ein virkeleg ikkje veit kva ein vil så blir ein ikkje spesielt mykje klokare av den tilbakemeldinga.

Eliminasjonsmetoden. Eg kan ikkje sy og strikke. Eg er ikkje glad i sløyd, og planter har aldri interessert meg spesielt. Det trur eg naboane mine kan bekrefte. Eg trudde lenge at noko innan medisin ikkje passa for meg, men etter mi fyrste vakt som sommarvikar på sjukeheimen forsto eg at eg tålte dei fleste kroppsvæsker. Tånegler, det orkar eg derimot ikkje. Oppsummert, så kan ein ved hjelp av denne metoden fastslå at eg ikkje eigna meg som syerske, snekkar, gartnar eller fotterapeut. Fint, då er det rundt rekna berre 783 andre vegar å velge mellom. Enkelt? Prøving og feiling vart min strategi.

Etter å ha maksimalisert moglegheitene til økonomisk støtte gjennom Lånekassa, studert juss, vurdert legestudiet og endt opp som klinisk ernæringsfysiolog så står eg enno i skoddeheimen. Eg har kome til punktet der stien delar seg og eg er usikker på kva for ein eg skal velje. Den eine er tydeleg og trygg, eg har gått den før. Erfaring og fornuft fortel meg at her får eg ein behageleg tur. Den andre ser usikker ut, eg veit ikkje om eg er godt nok budd. Det ser bratt og ulent ut. Har eg nok i sekken til å kome meg heilskinna fram? Har eg øvd nok, er eg god nok? Det er visst inga skam å snu. Vegen er målet, la toppen vere ein bonus. Jada, eg veit alt det der, men i praksis fungerer eg ikkje slik.

Nei, det er ikkje lett å vite kva ein skal bli når ein blir stor. Spesielt ikkje etter at ein har blitt stor. Men kanskje kan det vere litt enklare om vi berre finn noko vi synes er gøy og som gir meistring? Som det å like å flette og ville bli frisør? Eller det å elske å skrive og ville gjer meir av det?

Helsing Kari, 36 år, MSc klinisk ernæring.