Av Knut Arne Høyvik

No er bøndene i hardt vêr igjen, men det har ingenting med frost å gjere. Dei meiner at dei ikkje får den naudsynte støtta med staten, som gjer at dei kan halde tritt med inntektsutviklinga i resten av samfunnet. Rett eller ikkje rett, eg er ikkje i stand til å vere dommar, eller ha så sterke meiningar om akkurat det.

Men, det vi kan gjere, er å sjå oss rundt. Kvar er bøndene blitt av her hjå oss, dei er nesten vekke. Hadde dei økonomiske moglegheitene i bondeyrket vore gode, hadde sikkert bøndene vore talrike rundt oss.

Skal eg sjå ei kyr må eg køyre til Flø, eller inn i Ørsta. Skal borna få sjå husdyr må dei køyrast ein stad der nokre idealistar syner fram dyr. Dyr som borna berre kjenner frå dårlege fargebilde i skulebøker.

Når eg var gutunge på 1960-talet, hadde farmor og farfar fem kyr, ein gris og nokre sauer. Om lag same buskapen hadde morfar og mormor, kanskje var det berre tre kyr, eg hugsar ikkje heilt. Det eg hugsar var at når eg kom heim til mormor om morgonen, kunne eg høyre at ho sveiva separatoren, som stod i spisskammerset. Slik skilde ho fløyte frå mjølk. Eg fekk opp i mjølkespanna, som eg tok med heim. Når eg tenker på det, lurer eg på om eg vaks opp i middelalderen.

Slakting av sauer fekk vi vere med på, men slaktinga av gris vart vi skjerma for. Det gjekk føre seg bak lødetrappa, og eg hugsar hyla når grisen takka for seg. Kvar gong eg høyrer Odd Nordstoga syng om grisen som står og hyler, tenker eg på dei nifse grisedrapa bak lødetrappa. Men vi skjøna i alle fall kvar svinekotelettane kom i frå. Den gong, som no, var folk stolte av å produsere mat. Problemet er at ingen lever av å vere stolte, og difor må bøndene ha ein jobb ved sidan av for å få endane til å møtast.

Men kva skal vi eigentleg med bønder, når vi kan importere billeg mat frå andre land? For mat skal vere billeg, punktum finale. Vi har aldri brukt så lite av inntekta vår til mat, som no. Vi betaler gjerne 25 kroner for ei flaske vanleg vatn på bensinstasjonen, men får ribbe til kr. 29.90 når butikkjedene går bananas like før jul.

Det er alltid eit land med lågare kostnadar eller industrielt landbruk, som kan levere maten enda billegare til oss. Men er norskprodusert mat betre og tryggare enn mat frå andre stadar i verda.? Har bøndene i Norge rett, når dei hevdar det.?  Ja det spørst korleis vi skal måle. Men dersom bruk av antibiotika på dyr, er ein målestokk på om helsa til husdyr er god eller dårleg, har norske bønder rett.

Antibiotika blir brukt for å førebygge og fjerne sjukdom hos husdyra. Men som hos oss menneske gir auka bruk, fare for resistente bakteriar hos dyra. I Norge har vi funne betre løysingar enn antibiotika. Norge er faktisk best i Europa på dyrehelse, Vi bruker mykje mindre antibiotika enn andre europeiske land. Det viste ein rapport som vart lagt fram i 2016 av European Medicines Agency, som er EU sin legemiddelorganisasjon. Hellas og Kypros toppar lista over dei som brukar mest antibiotika på husdyr, Norge ligg på botn.

«Mellom bakkar og berg ut med havet», skriv Ivar Aasen. Det er i det landskapet bøndene på Nordvestlandet må klore seg fast. Det er heilt sikkert ein dyr måte å produsere mat på. Spør du Trygve Hegnar, så meiner han at desse bøndene burde ha funne på noko heilt anna.

Men når hurtigruta eller cruiseskipa styrer inn Storfjorden, står turistane tett, og prisar fjella og det grøne landskapet langs fjorden. Det er framleis nokon som slår graset, heldigvis. Sjølv har eg ikkje fantasi til å førestille meg korleis prospektkorta hadde sett ut, dersom landskapet hadde blitt lagt brakk.

Visst treng vi bøndene – meir enn nokon gong. Vi må heie på dei få som er att. Sjølv om vi kjøper både mjølk og kjøt.