Av Kari Brandal

Før var oldeforeldre veldig gamle. Dei var rynkete og mjuke. Huda kjendes mest ut som fløyel. Håret var alltid kvitt og hårnett var ikkje eit uvanleg tilbehør. Dei brukte kle i Crimplene-stoff. For øvrig verdas mest syntetiske materiale. Dei gjekk i gode, komfortable fotformsko, gjerne med borrelås for å gjere det ergonomisk korrekt for potensielt stive fingrar. Dei sto opp i grisotta og la seg etter Kveldsnytt og vêret.

Dei tålte ikkje så godt høge lydar og dei sov alltid middag. I familieselskap vart dei plassert i ein stol og servert kaffi og kaker, gjerne med eit pledd over låra i tilfelle det kunne vere trekk. Gud forby at dei skulle fryse på seg ei forkjøling.

Er det mogleg at det var litt status i å bli eldst i familien? – No kan eg berre lene meg tilbake og få alt servert, uansett om eg klarer det sjølv eller ikkje. Vegen til rullestol kan framstå som kort. Eller?

Men noko har skjedd. Oldeforeldre i dag bur i leilegheit og skiftar ut bilen kvart fjerde år. Dei har e-postadresse og ringer på Skype. Dei inviterer på middag på ein heilt ordinær kvardag. Kanskje fordi dei veit at det er då ein virkeleg treng det?

Oldeforeldre i dag tåler både lyd og trekk. Dei forsyner seg sjølve og hjelper til med oppvasken. Dei er engasjerte og interesserte. Dei følgjer med på det som rører seg. Dei sit gjerne barnevakt, men må av og til melde avbod til selskap fordi dei er på ferie i Spania. Gyldig fråvær, spør du meg.

Mykje har endra seg, slik eg ser det. Det er ikkje lenger prestisje å bli servert, men heller å bli involvert. Dei blir kjende med oldebarna på deira premissar. I bråk, søl og ramlande legeklossar. Dei er tilstades i den vanlege, usminka kvardagen og ikkje berre innom når huset er strigla og besteserviset er framme.

Oldeforeldre før i tida var gode som gull, likt som i dag. Men omgivelsane plasserte dei i større grad på sidelinja. På sidelinja der du ikkje får med deg alt som skjer. Du er ein del av laget, men får ikkje så mykje speletid. Du får ikkje speletid fordi dei rundt deg er så redde for at du ikkje tåler påkjenningane av å vere med på leiken.

Sjølvsagt skal vi ta omsyn og vise respekt. Vere høflige. Slik som vi skal behandle alle medmenneske. Men alder er ein parameter vi bør bruke med varsemd. At nokon i kraft av sin alder aleine skal plasserast i ein bås vil i mange tilfeller vere ei stor feilvurdering, spør du meg. Alle har vi eit ynskje om å vere til nytte. Det er mykje meistring i å bidra og dette har inga øvre aldersbegrensing.

Så la dei nyte livets dessert og la dei forsyne seg godt, desse oldeforeldra. La dei vere med på leiken i vår uperfekte, men likevel så perfekte kvardag.