Av Knut Arne Høyvik

Men kva er ein bygdis, eller korleis må vi oppføre oss for å bli plassert i denne kategorien?

Ja, eg har ei historie, der dei involverte kanskje må finne seg i å bli kalla bygdisar. Det som er verre, er at begge to representerer mitt tidlegare yrke. Men historia er heilt sann, fortalt av ein av dei involverte.

To fiskarar frå ei av øyane nord for Ålesund kom heim etter tøffe veker på havet. Dei hadde tent godt, og bestemte seg for å ta seg ei helg i Oslo. På programmet stod det vitjing av ein av byens finaste restaurantar. Dei hadde menyen klar; Russisk kaviar, som dei hadde høyrt så mykje om skulle prøvast.

Dei var høgrøysta då dei ramla inn på luksusrestauranten, og dei pene folka som sat ved dei andre borda såg opp med ei litt oppgitt mine, og tenkte sikkert; «Bønder i byen».

I eine skjortelomma hadde fiskarane nokre krølla tusenlappar, i den andre hadde dei Petterøes nr.3. Ja, eg kjenner typane, dei er ganske ekte. Dette til tross, dei fekk raskt merksemd frå to servitørar, som diskret tok opp bestillinga frå desse havets proletarar.

Då dei fekk spørsmål om størrelsen på porsjonen med russisk kaviar, kom spørsmålet kontant får den eine fiskaren til den andre:

–Ka du seie, skal me ta mange tube. No gjekk det sikkert bra til slutt med dei to karane, men dei fortener å bli kalla bygdisar. Ålesundarane kalla oss bona, når vi kom inn på byens drikkestover:

–Flytt deg forbanna bone, hæsten din har drete på fortauet.

Dette var sjølvsagt først og fremst humoristisk, eg tippar at det var ingen som tok seg nær av det. Men bygdis, smak på ordet, det høyrest ikkje bra ut. Men Vassendgutane kjem oss litt til hjelp med songen «Bygdis». Der er refrenget slik:

«Ej e en bygdis i Oslo, Det kan du sikkert sjå, Ej kjeme skeivande på Karl Johan, Så vidt ej greie gå, Ej skakje ned på operatakje, Ej skal ikkje bort på blå, Ej gjenge rett inn på Scotsman, Og site bakerst i ei krå».

Det er mogleg at byfolk trur at vi som er fødde og bur rundt om i bygdene er litt sidrumpa, og lite trendy når det kjem til motar, vin, og kaffi med rare namn. Men det er sjølvsagt heilt feil. Ingen er så internasjonale som vi som bur i bygdene på Sunnmøre. Den eigen dagen sel vi propellar i Brasil, den neste dagen sel vi makrell i Japan, og Stressless på Manhattan. På flyplassane møter vi bygdisane på veg ut i den store verda. Nokre ber på ei tung veske med verktøy, på veg til å fikse ein motor i eit skip på Malta.

Diktaren Tor Jonsson, snakka om bygdedyret, og det er noko heilt anna. Det positive med det dyret, er at om det er noko du ikkje veit om deg sjølv, så er det alltid nokre andre i bygda som veit det. Det må vi berre sjå positivt på, det er ein bonus.

Men no seglar bygdene i medvind, etter at han med den rare latteren, Trygve Slagsmål Vedum og Senterpartiet, fossar fram på meiningsmålingane. Unnskyld,  Slagsvold Vedum heiter han sjølvsagt. Eg er ikkje den første som tek feil. Denne medvinden for Senterpartiet, fekk til og med Erna Solberg til å ta på seg fjøskleda og gå heilt opp i båsen, for om mogleg å berge nokre mandat i dalstroka innanfor. Der dei spring for livet med ein ulv i hælane, skal vi tru media. No klappar politikarane kyr i staden for gamle damer på sjukeheimen.

Skal vi tru dei største pessimistane, på vegne av bygdene, så ser det ikkje bra ut. No kan alt fare sin veg, kommunen, postkassa, lensmannskontoret, rådhuset. Det er vel berre eit tidsspørsmål før vi får lensmann i butikk, saman med posten.

Eg trur det kjem til å gå bra med bygdene. Berre vi er trottige og pjaskar med vårt, og held oss til vanleg kaviar på tube.