Av Knut Arne Høyvik

Den bør bli til spikar, eller nokon må drage ut nygla. Dersom reiarlaget er litt redd for omdømet sitt, bør dei finne ei ny ferje, som kan gjennomføre resten av kontraktstida.

Vi snakkar altså om den eine ferga som går mellom Hareid og Sulesund.

«Ullensvang» har diverre fått mykje negativ omtale i denne spalta. Eg har skrive om henne før. Har du ein liten dose med maritim kunnskap, skjønar du at dette ikkje går. Ære vere mannskapet, som gjer – og har gjort, ein framifrå jobb med gamalt materiell. Dei fortener betre, og vi fortener betre.

I periodar har ho gått så det susar, og vi har trudd at ho var i sin ungdoms vår att. Men så smell det, eller lek det, eit eller anna har svikta, som har tvinga henne ut av drift. For nokre dagar sidan skulle ho tilbake i ruta, etter å ha vore på eit planlagt verkstadopphald i fjorten dagar. Då var det eit eller anna som klikka med hovudmotoren, like etter at ho gjekk frå verkstaden.

No ligg ho ved verkstadkaia igjen, og i skrivande stund er det ingen som veit kor lenge det går. No er det nok, dette er etter mitt syn den siste og endelege søknaden om pensjon frå Fru «Ullensvang» Og den bør signerast kjapt på høgste hald i Norled.

I mellomtida veks køane på begge sider av fjorden. Folk er frustrerte, leie og forbanna. Folk som ventar på ei ferje skal noko; ein eller stad, til ei eller anna tid. Anten skal dei på sjukehuset og ta ei blodprøve, eller ta røntgen av ein fot. Nokre skal på flyplassen og hente ein viktig reservedel til ein ventande båt. Vogntogsjåførane ventar og ventar, og på hengaren har dei tonnevis med laks, som skal til fiskemarknaden i Paris- til rett tid. Nokre har eit viktig møte i byen, og ringer og sender meldingar og utset møtet. Andre skal besøke ei tante i Spjelkavik, men dei har krav på ei ferje i rute dei òg.

Kva trur dei om oss, dei som kjem frå flate Austlandet, og er landfaste same kvar dei bur? Og kva skal vi seie når vi ser eit innslag i Dagsrevyen om ein trikk som er ein halvtime forseinka i Oslo? Folk i det mest verdiskapande og næringssterke området av landet, skal kunne bevege seg saumlaust frå stad til stad. Fjorden skal ikkje vere ein avgrunn mot framtida, og eit stengsel for utviklinga. Det hadde det heller ikkje vore, dersom kravet til ferjemateriell hadde vore mykje strengare.

Eg orkar ikkje diskusjonen om kven som har ansvaret. Dei som har det, veit det godt sjølve. Om ikkje dette kan ordnast på eit lågare nivå, må samferdselsministeren gripe inn å instruere dei som har ansvaret.

Den gamle dama har tent si tid.