Av Knut Arne Høyvik

Det er all grunn til å feire denne dagen. Men vi er, og har vore mykje meir påverka av svenskane, enn vi likar å innrømme.

I mange år etter unionsoppløysinga hadde vi mindreverdskjensle. Svenskane er flinke industribyggarar, og sette oss snart i skuggen. Vi pjaska med vårt, bygde litt båtar, hogg skog, og fiska litt. Vi var ikkje så god til å bygge industri, men vi prøvde. Det vart bygt ein norsk bil på slutten av 1950 –talet. Den heitte Troll, og vart aldri nokon suksess. Men svenskane rulla ut Volvo og Saab frå samlebanda. Kvalitetsbilar som erobra heile verda. Og vi kjende eit stikk av misunning, vi fekk det ikkje til.

Svenskane hadde storkapitalistar, ja til og med adel og grevar. Sosialdemokratane styrte, og sørga for å krevje inn nok skatt frå dei, til å skape harmoni i «folkhemmet». Ja, så mykje skatt kravde dei inn først på 1970-talet, at Astrid Lindgren skreiv eit eventyr om alle dei private næringsdrivande som knapt hadde noko att etter skatten. Eventyret «Pomperipossa i Monismanien» som stod på trykk i svenske aviser, skapte så mykje bråk at finansministeren måtte gå av. Skattesystemet vart endra etter kvart.

Bortsett frå det blomstra det svenske samfunnet på mange områder. Når vi vart litt frustrerte, kunne vi finne på å minne svenskane om krigen. «Å gjere svenske av seg, er eit uttrykk som gamlekarane brukte. Det hadde med krigen å gjere. Mange meinte at svenskane var feige som valde å vere nøytrale.

Men vi gløymde fort og vi retta stadig blikket over grensa, som også er ein handledisk ved EU-grensa. Nordmenn går dagleg amok på Systembolaget og i kjøthyllene. Stakkars alle som heiter Harry, som må leve med namnet til denne handelen, for resten av sitt liv.

Vi har herma etter naboane på mange områder, og dei har fôra oss med litteratur, musikk og TV-seriar. I min barndom var svenske TV-seriar regelen og ikkje unntaket. Vi sat som tende lys og såg «Vi på Saltkråkan» og «Pippi Langstrømpe». Vi meinte å kjenne betre til Tjorven eller mange andre born i nærområdet. Farbror Melker var ein snill onkel for oss også, og Pippi var rollemodellen for sterke og sjølvstendige jenter,

Emil vart typisk for ulydige gutungar, og foreldra våre nikka, og kjende seg att. Eg har ei kjensle av at dei ynskte dei hadde ei snekkarbod, som dei kunne stenge oss inne i. Men dei sa det ikkje høgt.  Då Abba braut lydmuren i 1974 med «Waterloo» hadde vi pumpa opp svart gull frå Ekofisk- feltet i nesten tre år. Etter det har svenskane sikkert angra kvar dag på skilsmålet i 1905. Under den økonomiske depresjonen i Sverige på 1990-talet, var det fleire som skreiv lesarinnlegg og tok til orde for å gå i union med Norge att.

Ikkje berre vart vi grunnrike, vi byrja å vinne Grand Prix. Dei greidde aldri å finne ein ny Gunde Svan, som kunne hamle opp med dei norske skiløparane.  Det gjekk nedover med svenskane på mange områder, og unge folk kom over grensa til Norge for å få seg jobb. Kinesarane kjøpte Volvo, og Saab gjekk konkurs i 2011. Dei har likevel hatt nokre gledestunder, når norske idrettsfolk er mistenkt for doping. Då går svenske journalistar amok med tastatur og mikrofon. Svenskane sjølve er lydige og autoritetstru, med ei sterk tiltru til staten, medan vi er individualistar og meir kritisk til makta. Det var vel best det gjekk som det gjekk i 1905. Vi slapp kjøttbullane, og kan halde fram å fortelje svenskevitsar. Vi har berre noko som er uoppgjort, som vi kanskje må gjere noko med. Prøve å vinne tilbake Jämtland og Herjedalen, som vi miste til svenskane på 1600-talet.

Det hadde varit kul…