Av Knut Arne Høyvik

Er det val eller sal frå ein super butikk?
Går det godt eller flott eller er det panikk?
Får eg meir blir vi fleir som skal dele på alt?
Blir det skatt får eg fnatt- eller mangel på salt?

Får eg nok, eller wok , får eg krydder på maten?
Får eg vin og bensin, nesten gratis med staten?
Kan eg gå, kan eg stå, kan eg rette min rygg?
Blir eg henta, må eg venta, kan eg kjenne meg trygg?

Får eg peng eller seng, må eg ligge på do?
Får eg vei som er brei – der eg gjerne vil bo?
Får eg helse får eg frelse, kven kan lova meg det?
Får eg glede, ligg eg nede, får eg vera i fred?

Du får ønske etter ønske, for du får ein heil butikk
Viss du vil, får vi til, ein himmelsk politikk
Du kan sova, vi kan lova deg ei silkemjuk seng
Du er gjest på vår fest- vi har plenty med peng.

Vår meny, me kan by, på eit nachspiel av dei store
Vi har biff på vårt fat, og champagne på bordet
Stem på meg, du får veg, du får blomar i håret.
Vent og sjå du skal få masse pengar ut på året

Epilog

Det gjekk fort, det er gjort, dei har stengt sin butikk
Dei er vekk trur dei gjekk, eller kanskje dei tok trikk
Har eg drøymt har eg gløymt, er valflesket blitt surt
Det var gøy det var skøy, men vi er nok grundig lurt