Av Knut Arne Høyvik

Det tykte eg var nifst, og eg pusta litt sjeldnare. Å reise til Kina kunne vi berre gløyme, men Amerika var meir innan rekkevidde. Draumen om å reise dit, var levande, men var eigentleg ei luftspegling på himmelen. Avstandane frå ei bortgøymd lita bygd på Sunnmøre, var enormt store.

Verda er ein landsby, sa mediegründeren Ted Turner, då han opna TV-kanalen CNN International i 1985. Visjonen hans var å sende fjernsynsbilde frå kvar minste krok i verda, når noko skjedde. I 1985 var det ikkje alle som var like sikker på at han kom til å lukkast. Konservative kommentatorar meinte at han tok seg vatn over hovudet.

Under Golfkrigen i 1990/91 fekk CNN sitt store gjennombrot. For første gang i historia kunne vi følgje ein krig direkte, frå stovene våre.

Det som verka umogeleg for eit stort TV-selskap i 1985, er no allemannseige. I dag kan vi sende levande bilde og lyd til heile verda, frå ein dings som dei fleste har i lomma. Vi tek oss gjerne ein svipptur ut i verda, til Thailand, Kina eller USA. Når vi er framme, kan vi dele opplevingane våre med direktesending frå  kafébordet  på Manhatten. Dei eldste, som delte ein fasttelefon på fire hus, mumlar noko om at det er verdas siste tid.

Dette står i skarp kontrast til min fyrste tur til Ålesund i 1962, saman med mormor. Då var eg seks år, og etter den turen, var eg sikker på at eg hadde sett mesteparten av den store verda. Dombås, Bjorli og Lillehammer var namn som var klistra på bilrutene, til dei heldiggrisane som hadde vore på biltur. Eg var aldri heilt sikker på at eg skulle kome til dei stadane heller, medan eg levde.

Revolusjonen når det gjeld kommunikasjonar har skjedd i løpet av halve mitt liv. Som ein naturleg konsekvens opna verdshandelen seg, og er blitt like grenselaus. Globalisering er eit myke brukt ord, og nokre hevdar dei er i mot det. Det kan samanliknast med å gå i demonstrasjonstog mot vinden og regnet.

Men etter kvart opplevde vi at det ikkje lønte seg å sy skjorter, eller lage sko på Sunnmøre. Skipsskroga måtte byggast ute, og møbelputene syast i andre land. Til og med fisken reiser til Kina, der fattige jenter skjer filet tolv timar i døgnet, seks dagar i veka, for nokre få kroner i timen. Oljedopa står vi att på kaia, og spelar forundra over at folk i verdas dyraste land, ikkje skjer fileten sjølve. Det at vi er dømde til å tape all produksjon som krev mykje arbeidskraft, står sjeldan på saklista, vi vil ha både i pose og sekk.

Men der er alltid nokon som er fattige der ute, som kan produsere varene enda billegare. Når eg pakkar ut ei ny skjorte, og plukkar ut hundre knappenåler, festa med menneskehender, skjønar eg at skjorteproduksjon med norske timeløner, er eit solid tapsprosjekt. Det er faktisk ikkje så veldig lenge sidan det var fleire skjortefabrikkar på Sunnmøre.

Vi veltar oss i billege forbruks -og kapitalvarer, produserte i lågkostland. Vi nyt det og meiner at skal vere slik. Men vi går i demonstrasjonstog og skriv lesarinnlegg, når bedrifter må flagge ut for å greie seg. Ikkje eit einaste land i verda har fått så mykje velstand av den globale økonomien, som Norge. Vi eksporterer dyre varer som fisk, aluminium, olje og gass, og importerer billege forbruksvarer.

Det kan sjå ut som at ting er i endring. Vi som bur i den rike delen av verda utviklar stadig ny teknologi for å effektivisere vareproduksjonen.

På den måten kan vi greie konkurransen med lågkostland. Det inneber diverre at dei fattige held fram med å vere fattige.

Skal det vere ein viss harmoni i verda må vi ha ein open handel og kjøpe varene til kvarandre. Berre på den måten kan vi løfte folk ut av fattigdom. Alternativet er at store folkegrupper prøvar å flytte seg til den rikaste delen av «landsbyen». Det greier vi ikkje å handtere, verken politisk eller økonomisk.