Til saman reiste det 100.414 passasjerar over lufthamna denne månaden.

Det er trafikken til utlandet som er årsaka til passasjerveksten. Utlandstrafikken auka med 9 % til 27.301 passasjerar.  Sjølv om ruta til London er borte samanlikna med september 2016, var det fleire som reiste direkte til og frå utlandet i september i år.

Bortfallet av passasjerane til London vert kompensert ved at Mallorca er eit nytt tilbod i år, og at dei andre charteravgangane til Kreta og Kroatia også hadde vekst i passasjertalet i september. Innlandstrafikken blei redusert med 1,5 % i september. Det var nedgang på rutene til Oslo og Bergen, medan Trondheim hadde auke.

Hittil i år har talet på passasjerar over Vigra gått tilbake med 0,1 %. Innlandstrafikken har auka med 1 %, medan utlandstrafikken er blitt redusert med 3 %.