«Konseptet Æra vart starta i november 2015 av Johannes Christian Riise og Aleksander Håskjold. Ambisjonen var å vere ein ny tilvekst til eit godt handelsmiljø i eit godt handelsssentrum for å vere med på, mellom anna, å halde kleshandelen lokal», skriv dei vidare i pressemeldinga, der dei forklarar utviklinga slik:.

«Regionalt meinte vi at Ulsteinvik var den beste plasseringa for dette, sidan det over tid har vore god vekst og tilstrøyming av handlande. Etter ein fantastisk mottakelse og godt besøk i oppstarten, skylde dessverre nedgangskonjunkturen over oss med ein etterkvart kritisk konsekvens. 2016 var starten på det første reelle året for Æra, og etter å ha justert både budsjett og ambisjonar, fullførte vi første år.

2017 starta dessverre med sviktande omsetning og det gikk hardt utover oss som i ei oppstartsfase er svært avhengig av javn omsetning. Etter vel eit og eit halvt år vel vi no å legge ned forretninga.
Optimistisk og engasjert satsing på mote var utgangspunktet for satsinga vår, og det er med tungt hjerte vi ser at draumen om eit konsept utover ein vanleg klesbutikk i Ulsteinvik, ikkje let seg realisere.

Vi vil rette ei stor takk til alle som har besøkt og handla med oss, og for alle gode tilbakemeldingar rundt konseptet.»

Aleksander Håskjold vil fortsette sitt engasjement og arbeid med butikken Capone Molde AS og Johannes Christian Riise går tilbake til jobben som daglig leiar hjå T.Riise AS på Hareid.