Av Svein Nordal

–Dermed er vi i gang igjen, slik eg også sa etter at vi sist gong nærast vart fråstolne det førre selskapet, kommenterer Remøy til Vestlandsnytt.
Forland Shipping har to subsea-fartøy med rundt førti tilsette på kvar av båtane, som vart bygde i 2008 og 2013.

Remøy kjøper Forland Shipping saman med den islandske trålreiaren Torsteinn Mar Baldvinnson og investoren Magnus Roth. Åge Remøy har i fleire år samarbeidd med Baldvinnson.

Reiarlaget har to subsea-fartøy med rundt 40 tilsette på kvar av båtene. Skipa er bygd i 2008 og 2013. Båtane har namna ”Fugro Saltire” og ”Forland Inspector”, men Remøy seier til Vestlandsnytt at båtane no får namn som startar på Rem.

Remøy søkjer no etter fleire folk til hovudkontoret på Mjølstaneset i Fosnavåg.

–Fram mot jul vil vi ha rundt ti tilsette, og det vil auke på etter kvart, seier Åge Remøy.