Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

Nesten halvparten av alle desse skadene var parkeringsskader. Årleg vert 5.500 skader i Møre og Romsdal meldt i samband med rygging eller parkering. Fredagar er den dagen i veka det skjer flest bulkeskader, og erfaringar viser at det er ekstra ille på Black Friday.

Back in – køyr ut

– Vår erfaring er at dei fleste køyrer inn med fronten først når dei parkerer. Vi meiner at dersom fleire i staden ryggar inn og køyrer ut frå parkeringsplassen ville mange smellar vore unngått, og fleire farlege situasjoner avverga, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige. Han ber difor folk vere ekstra på vakt på Black Friday.

Over ein milliard i erstatningar

Skader som gjeld rygging og påkøyrt parkert køyretøy utgjorde erstatningar for over ein milliard kroner i 2016.

– Klassiske P-smellar er at ein treff faste installasjonar, stolper, skilt, veggar eller andre parkerte køyretøy. Mange vil handle på Black Friday, men ein kostbar bulk frå ein handlevogn eller ein dult i sida frå nabobilen står derimot langt nede på ønskjelista, seier Voll.