Utstyret til den fyrste båten skal leverast i desember i år, og den andre leveransen er i februar 2018. Reiarlaga er Brødrene Bakken AS og Oddvar Nes AS, og skipa er venta levert frå Stadyard i desember 2018 og mars 2019.
Leveransen frå Brunvoll Volda AS inneheld gir- og propellanlegg med styremaskin og sidethrustarar. Skipa er kombinert kystnot/snurrevadfartøy frå Skipskompetanse i Måløy. Framdriftsanlegget blir levert av Brunvoll Volda.

Framdriftsanlegget er designa for optimal drift og stor fleksibilitet. Med kombinasjonen av effektivt framdriftsanlegg og spesialdesigna propellblad kan fartøyet både auke fangst og samstundes redusere drivstof-forbruk og utslepp, og totalt sett redusere kostnaden per fangst. Fartøya er venta å bli trendsettarar i denne delen av kystfiskeflåten.

Brunvoll Volda har ein god ordrereserve på anlegg til fiskeflåten, der milljøhensynet er viktig i jakta på fiskeressursane.

– Optimaliserte og kundetilpassa anlegg er vår spisskompetanse, og det er spesielt interessant å samarbeide med reiarlag og designselskap som set høge krav til oss som leverandørar, seier Hallvard Pettersen, dagleg leiar i Brunvoll Volda i eit presseskriv.