Det er ein del ting du kan bygge utan at ein treng å søkje kommunen om løyve. Unntaket føreset at det du skal gjere er i samsvar med gjeldande planar for området og reglane i plan- og bygningslova.

Det er du sjølv som har ansvaret for å undersøke om byggeprosjektet ditt er unntatt søknadsplikt. Gå inn på www.dibk.no for å undersøke om tiltaket er unnateke søknadsplikta, eller ta kontakt med byggesaksavdelinga i din kommune. Dersom byggeprosjektet ditt viser seg å vere søknadspliktig må du søkje kommunen  om å innhente løyve før du startar. Alle aktuelle skjema finn du på www.dibk.no.

Døme på tiltak som kan vere unnateke søknadsplikta er:

Frittliggande bygning inntil 50 m²: garasje, uthus, dokkestove og liknande. Krav om minst 1 meter frå nabogrense, maksimal mønehøgd 4 meter og gesimshøgd 3 meter. Eigedomen må vere bygd på frå før og avstand til andre bygningar på eigedomen må vere 1 meter. Avstand til veg, frisiktsoner, utnyttingsgrad m.m. må ivaretakast i samsvar med plan. Ver også merksam på at kommunen har eigne avstandskrav mot vegområde og at ein ikkje skal bygge over vatn- og avløpsleidningar i grunnen. Er ikkje arealet regulert, gjeld ikkje unntaksreglane for ordinære bustadeigedomar.

Tilbygg inntil 15 m²: utan rom for varig opphald (bod, ope inngangsparti, veranda o.l.). Krav om 4 meter til nabogrense, plassering på bakkenivå, utan kjellar/loft og innanfor utnyttingsgrad på eigedomen med meir. Medrekna her er også terrasse og understøtta veranda, men ikkje karnapp eller balkongar som er innkraga. Tilbygg som stove, kjøkken, bad, soverom og kontor krev altså søknad.

Leveggar: maks 1,8 meter høg/lengde inntil 10 meter, krev 1 meter avstand til nabogrense. Lengde inntil 5 meter kan stå i nabogrense.

Mindre støttemurar: Med opptil 1 meter høgde kan denne plasserast inntil 1 meter frå nabogrense.

Mindre fylling/planering av terreng: fyllingsfot skal ikkje kome nærare nabogrense enn 1 meter.
Sjå www.dibk.no for kor stort omfanget av planering kan vere, er bl.a. avhengig av type utbygd område.

Hugs til slutt at kommunen er pålagt å føre tilsyn med byggeaktivitet. Dersom eit tiltak er oppført i strid med lovverk eller plan kan kommunen krevje dette fjerna og eigar kan få bøter.

Bygningar som er oppført utan søknad må også innrapporterast til kommunen. Dette gjer du ved å sende inn byggblankett nr 5188 , som du finn på www.dibk.no.

Er du usikker?  Ta kontakt med di kommune.