Det er eit tyrkiske verft som har bygd skipet, og sjølve dåpsfesten er i Belgia. Skipet skal arbeide i vindmølleparkane Nobelwind og Belwind utanfor Belgia for MHI Vestas.

CTO Kristian Ole Jakobsen frå Esvagt er godt nøgd med skipet.

–Det har vore eit godt samarbeid med Havyard på utviklinga skipet, og vi veit at kvaliteten på det dei leverer til oss er veldig bra. Dette gjer det ekstra spanande å følge drifta framover, seier CTO Kristian Ole Jakobsen frå ESVAGT i ei pressemelding.

–Eg er stolt og glad i dag. Å sjå vårt fyrste 831 SOV design stå ferdig er utruleg gøy. Det er eit flott skip, og har dei eigenskapane som skal til for å betene offshore-vindmølleparkar både effektivt, sikkert og med minst mogeleg belastning for miljøet. Skipet bekreftar nok ein gang at våre design gir meirverdi og konkurransekraft til våre kundar, seier Gisle Vinjevoll Thrane frå Havyard.

Dette er det fyrste av to skip til Esvagt med designet «Havyard 831 SOV» som no står klart til bruk. Det andre skipet skal vere klart innan august 2019.