Av Lillian Haddal

Seier Maria Sporstøl Leine, som har drive sin heilt eigen klesbutikk for damer i 24 år. Butikken heiter Marias Mote, og finn stad i Fosnavåg sentrum i Herøy kommune. Og ho jaktar på trendar innan kle. Som kundane vil ha.

Stor endring i handlemønster

– Eg ser heilt tydeleg at handelsmønsteret har endra seg frå eg starta som nittenåring. Då kom jo folk i butikkane og kika fyrst, men no legg vi ut bilde av nyankomne klede på sosiale media, så folk ser dei der fyrst. Om det freistar, kjem  dei til butikken for å prøve det dei har sett, fortel Maria.

– Dessutan ser eg at mote har ingen aldersgrense lenger – det samme plagget kan fungere for mange aldrar!

– Du har stått utanfor butikk-kjeder i alle år – korleis går det?

BILDEVEGG: Nye klede blir tatt bilder av og publisert på sosiale medier.

–Det er veldig kjekt, for eg står heilt fritt til handle det eg sjølv vil når eg reiser på messer, og kan ta omsyn til trendar og kundar på ein heilt annen måte.

Seier Maria. Som kjenner enkelte av kundane sine så godt, at ho kan sitte på ei messe og sjå plagg som ho veit den enkelte kunden ville likt.

– Men eg må framleis prøve og feile, og enkelte bestillingar eg gjer med levering langt fram i tid, kan vere gambling. Så det er spennande!

Frå sjølvsydd til ferdigsydd

Maria var nitten år når ho kjøpte sin eigen butikk, og fortel at det alltid hadde vore ein draum.

– Då eg gjekk på barneskulen skulle vi skrive ned kva vi ville bli når vi blei store, og eg skreiv: Klesbutikkdame!

Ho tok svennebrev i kjole – og draktsaum som attenåring, og ville bli klesdesigner. Men kom ikkje inn på design-skulen i Oslo ved fyrste forsøk, og tok seg eit jobbe-år istaden. Det vart på butikken «Nytt og nyttig» i Fosnavåg, som mellom anna selde utstyr til sying.

– Eg sydde ein heil del, og kosa meg med det. Men: Butikken selde også ferdigsydde kle, og eg oppdaga at eg likte godt den delen med innkjøp, moter og salg utan å sy kleda sjølv!

Fekk butikk i ein fei

Etter at året på «Nytt og nyttig» var omme, var det vel ein tanke at Maria skulle gå meir skule til hausten. Men akkurat då såg ho ein klesbutikk til sals…

– Det tok meg 14 dagar, så stod eg plutseleg i det som var blitt min eigen butikk. Alt det formelle var i orden, og eg var eigar, drivar og hadde til og med fått på plass splitter nytt skilt der det stod: Marias Mote. Då var eg nitten år – ung, med pågangsmot og god støtte frå familien.

– Då hausten kom og alle venene reiste ut i den store vide verda for å studere, stod eg der då, i butikken min. Eg følte meg plutseleg veldig låst, men eg tok eit valg om å halde fram, og 24 år etter, har eg ikkje angra ein dag!

– Eg gler meg til kvar dag eg skal på jobb, jobben er kjekk og det er drivkraft nok i seg sjølv til å halde fram. Samstundes har eg aldri fri når eg driv for meg sjølv, difor er det heilt avgjerande at eg trivst.

Butikkgruppe gjev samhald

I tillegg til å vere eigar og drivar av Marias Mote i Fosnavåg, er ho også styreleiar i Fosnavåg Handelsforening. Særpreget til Fosnavåg sentrum si handelsnæring er at det er mange gründarar som driv sine eigne butikkar utanfor kjede.

– Vi er ei butikkgruppe på om lag 40 medlemmer, med ei styringsgrupper på seks personar. Denne butikkgruppa vart eg medlem av då eg starta for 24 år sidan. Dette også er ganske spesielt, ikkje alle sentrum har butikkgrupper, men vår har «alltid» eksistert.

Det er valfritt å bli medlem, og alle handelsbedrifter er velkomne som medlem. Dei samarbeider om både faste hendingar som farsdag og morsdag, og når det skal bli arrangert festivalar og andre happenings. Dei finn også på nye ting ilag.

– Samhaldet er vi stolte over, og alle føler eigarskap til sentrum gjennom butikkgruppa. Dette er vår felles styrke i handelsnæringa i Fosnavåg.  Og ikkje minst: Vi lever og andar for kundane våre!

FOSNAVÅG: Marias Mote finn ein i Fosnavåg. Maria kjøpte butikken når ha var berre nitten år gamal, og har foreløpig drive den i heile 23 år.