Dette betyr at fastlegeordninga blir forsterka med sjukepleiarar, og at pasientane skal få ei meir heilskapleg helseteneste.

Eid blir også den første kommunen i landet som skal prøve ut digital avstandsoppfølging i heimen, i kombinasjon med dei nye primærhelse-teama.

Viktig for kronikarar

–Den nye satsinga er særleg viktig for pasientar med kroniske sjukdommar og trong for tett oppfølging i kvardagen. Det er i distrikta avstandsutfordringane er størst, og tilgangen på kvalifisert helsepersonell er mest kritisk. Difor er det utruleg viktig og positivt at Eid og nye Stad kommune får vere først i landet med ei slik satsing.

Det seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, i ei pressemelding.

Alle fastlegane

Alle fastlegane i Eid kommune vil delta i den nye ordninga med primærhelseteam, som skal vare i tre år med oppstart i april 2018. Også Flora kommune er med i det nasjonale forsøket med primærhelseteam.

Det er ei ekstra løyving på 10 millionar kroner til forsterka satsing på digital avstandsoppfølging, som gjer den nye helsesatsinga mogleg. Desse ti millionane kjem i tillegg til dei 55 millionane som allereie er sett av i statsbudsjettet 2018, til ordninga med primærhelseteam.