Laurdag 21. oktober blir det folkefest på Sunnmøre folkehøgskule i Ulsteinvik, der den årlege loppemarknaden går av stabelen.

Gjenbruk er i vinden som aldri før. Det er stadig meir fokus på å ta vare på miljøet vårt, og kven ynskjer vel ikkje at søppelfjella skal bli mindre?

Rikke Lillelien frå Oslo er elev ved Sunnmøre folkehøgskule, der ho siste skuleår gjekk på Global Safari-linja og dette skuleåret går leiartrening som ein av tolv stipendiatar ved skulen.

– Kva inspirerte deg til å gjennomføre eit år med shoppestopp?

– Det starta på Global Safari-linja der eg vart meir medviten på globalt ansvar. Vi hadde besøk av Frida Ottesen frå «Fremtiden i våre hender», som var med i Aftenposten-serien «Sweatshop» og som hadde laurdagsseminar på folkehøgskulen.

– Etter dette, ønskte eg å bli meir merksam på mitt eige forbruk. Vi kjøper ofte ting fordi vi har litt lyst på ting utan å trenge dei, men tenkjer sjeldan over konsekvensen av vårt forbruk.

– Kva reglar har du laga deg for gjennomføringa?

– Eg har berre lov til å kjøpe brukte kle og ting. Grunnen til at eg gjev meg sjølv lov til å kjøpe brukt, er at eg vil at dette skal vere ei livsstils-endring som varer, og då er det eit poeng å bli meir van til å kjøpe brukt og oppdage gledene ved det. Det er også fint å merke at eg sparar pengar på «shoppestopp», seier Lillelien.

Loppemarkand på SUFH

Loppemarknaden på Sunnmøre Folkehøgskule er ein av dei største loppemarknadane i distriktet, og meir enn tusen menneske er innom dørene kvart år. Møblar, krimskrams, bøker, barneleiker, idrettsutstyr, elektriske artiklar og mykje anna fyller salane og gangane på skulen, og her kan ein gjere mange gode kupp for ein billeg penge.

SUFH: Håkon Hole, Erik Adserø, Erik Evertsen og Nicolai Støme tok imot lopper på fjorårets loppemarknad.

For borna er der mykje spanande å finne på. Dei kan fiske etter forundringspakkar, oppleve eventyrstund med elevane i rollene, ta lodd på tombola og bli mala med ansiktsmaling, for å nemne noko.

Alle inntekter frå loppemarknaden går til Illula KFUK og Illula Orphan program (IOP) i Tanzania som Sunnmøre folkehøgskule støttar. Elevar frå Sunnmøre folkehøgskule reiser kvart  år til Tanzania for å besøke Ilula, og årets kull har ambisjonar om å samle inn eit solid beløp til prosjektet.

Folkehøgskulen tek imot lopper på skulen måndag denne veka frå kl 8 til 16. I perioden måndag 16.-20. oktober kan lopper leverast heile dagen. Ta kontakt med resepsjonen og få anvist plass for lagring.

Store møblar tek dei imot fredag 20.10 kl 16-19.