Av Lillian Haddal

Fredag 1. september lanserer regjeringa eit nytt spareprodukt med gode skattevilkår for privatpersonar, AksjeSpareKonto (ASK). Sparebank 1 Søre Sunnmøre gler seg over nyheita.

–Dette er ei veldig positiv nyheit frå myndigheitene! Gjennom ASK får ein større fridom til å både kjøpe, selje og bytte aksjar utan å måtte betale skatt, og det på ein mykje enklare måte enn før, forklarar Ole Magnus Orlien, Fagleiar Private Banking frå Sparebank1 Søre Sunnmøre. –Ein kan nemleg overføre alt ein har av aksjar, eigenkapitalbevis og aksjefond og samle dette i ein ASK-konto.

Ein annan stor fordel regjeringa har lagt til i ordninga er at ein ikkje må betale skatt frå fyrste krone når ein tek ut pengar frå ASK-kontoen.

–Ein får ta ut frå kontoen eit like stort beløp som det ein har kjøpt aksjar og fond for, utan å betale skatt. Slik det er i dag, må du betale skatt frå fyrste krone du tek ut dersom du har gevinst på aksjane, seier Orlien.

Grunnen til at ASK no blir lansert, er at i statsbudsjettet for 2017 ynskte Regjeringa å stimulere privatpersonar til å spare meir i norske bedrifter og spare til sin eigen pensjon, gjennom aksjar og aksjefond. Løysinga på dette er at alle bankar i Noreg skal kunne tilby ASK frå 1. september i år, ei løysing som forenklar slik sparing, samt betre skattevilkår enn tilegare.

Det skjer ikkje av seg sjølv

–Det er viktig at alle som har anten aksjar, eigenkapitalbevis eller aksjefond frå før no tek stilling til om ein vil overføre dette til ASK. Dette er aktuelt for alt i frå foreldra til born som har fått aksjar i til dømes dåpsgåver, småspararar, eller dei som aktivt sel og kjøper aksjar, seier Lillian Kleven Breivik, Regionbanksjef personmarknad i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, og legg til:

–Overføringa til ASK skjer ikkje av seg sjølv, ein må sjølv ta grep. Vi anbefaler også på det sterkaste å ta grep før nyttår.

Det er nemleg slik at staten let «vindauget stå ope» frå 1. september i år til nyttår, slik at alle som har aksjar, eigenkapitalbevis eller aksjefond kan overføre dette til ein ASK-konto heilt gratis, eit slags skatteamnesti. Etter nyttår må ein betale skatt på det som eventuelt skal overførast, medan det vil vere kostnadsfritt å starte ein ASK-konto med nykjøpte aksjar og fond.

Eit råd frå banken

–Det generelle rådet vi gir, er at ein bør flytte det ein kan flytte over til ASK. Unntaket er dersom ein har urealiset tap på aksjer, då lønner det seg ikkje nødvendigvis. For den som er usikker på kva ein skal gjere, må ein ta kontakt med banken sin for rådgjeving.

Sparebank 1 Søre Sunnmøre har sjølve teke tak i opplysningsarbeidet for å informere kundane sine gjennom nyheitsbrev. Deira kundar vil også finne ein vegvisar inne i nettbanken som forklarar kva ein skal gjere. Ein kan sjølv starte ASK-konto i nettbanken, eller ein kan be banken om hjelp. Sparebank 1 Søre Sunnmøre har førebudd seg på ein kjekk, men travel haust. Breivik avsluttar:

–Dette er ei god mogelegheit for mange, så ta kontakt med banken om du er usikker, og helst før nyttår!