Ifølgje NTB har uveret i Sør-Norge ført til at Meterologisk institut aukar overvakinga i store deler av landet, og ber publikum om å følgje med på nye vêrmeldinga.

Torsdag morgon melder yr.no om auka overvaking av Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Fredag kan vinden kome opp i vestleg og nordvestleg full storm, og kan hende sterk storm med ein vindstyrke på 30 meter i sekundet på kysten og i fjellet, og vindkast på 30-40 meter i sekundet inn over land.

Stormsenteret ser ut til å kome inn mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Små endringar i plassering av lavtrykket kan gje store utslag. I desse områda er det difor ekstra stor usikkerheit i prognosane, skriv NTB.