For tredje år på rad samarbeider alle dei nordiske landa Norge, Sverige, Danmark og Finland om å halde «Akupunkturens Uke» samstundes i veke 38. Målet er å gje kunnskap om akupunktur som behandlingssupplement, og bidra til at så mange som mogleg får informasjon om kva akupunktur kan bidra med.

AKUPUNKTUR: Akupunktørane Ann Charlotte Franke, Maria Halse, Nora Bratli og Berte Holstad Engen blir også med og markerer «Akupunkturens uke». Pressefoto.

Akupunkturens uke (Acupuncture Awareness Week) er etter ein britisk modell blitt til eit samarbeid mellom alle dei nordiske landa om å fremme akupunkturfaget og virkninga det har. I år er det fokus på stress og utmatting, og akupunktur som eit medikamentfritt behandlingsalternativ.

Behandling for stressrelaterte plager

–I år ønskjer vi å sette fokus på stress og utmatting fordi det rammar så mange, og fordi akupunktur kan gi god behandling. Stress er kjensla av å vere under for mykje mentalt eller kjensleladd press, og kropp og hovud reagerer med ulike symptom når vi kjenner oss ute av stand til å takle situasjonen, forklarar arrangøren i ei pressemelding.

Høge krav til kompetanse

–Vi meiner at akupunktur er ei trygg behandlingsmetode når den blir utført av kompetente akupunktørar, og som mange vil kunne ha glede av anten åleine, eller som eit supplement til anna behandling, står det vidare i pressemeldinga.

Akupunkturforeningen har om lag 600 medlem i heile landet. Krav til medlemskap er utdanning tilsvarande 4 år med studier på høgskule, innan både tradisjonell kinesisk medisin og vestlig medisin.