I Vanylven får innbyggarane no betalt for å hjelpe kommunen med å effektivisere. Dersom dei brukar eFaktura får dei ein rabatt på 25 kroner på kvar rekning.

Premierar

– Den vanlegaste måten å få til slike overgangar er å påleggje gebyr til alle som ikkje gjer slik vi vil. Vi ønskjer heller å premiere dei som hjelper oss, enn å straffe dei som ikkje går over til eFaktura, seier rådmann Andreas Chr. Nørve.

NETT: – Vi ønskjer heller å premiere dei som hjelper oss, enn å straffe dei som ikkje går over til eFaktura, seier rådmann i Vanylven Andreas Chr. Nørve.

Ved å få folk over på e-faktura vil Vanylven på sikt spare store summar på administrasjon, og kan bruke meir pengar på å gi enda betre tenester til innbyggarane.

Begeistra

Huseiernes Landsforbund har mange medlemmer som handterer kommunale rekningar, og er begeistra over ordninga:

– Dette er eit morosamt tiltak som vi ikkje har høyrt maken til før. Det er alltid hyggelegare å finne gode løysningar ved bruk av gulrot heller enn å bruke pisk. Vi oppfordrar andre kommunar til å følge Vanylvens eksempel, seier administrerande direktør Petter Batta i Huseiernes Landsforbund.

Smartare

– Vi er ein liten kommune som heile tida er på leiting etter smartare måtar å jobbe på. Ifølge våre undersøkingar er vi den første kommunen i landet som gir rabatt på kommunale rekningar som blir betalt med eFaktura, seier rådmannen som meiner dette gir innbyggarane i Vanylven enda ein grunn til å smile.

Kommunen på søre Sunnmøre gjer det allereie svært godt i målingar som viser kor tilfredse innbyggarane er med kommunale tenester, og no kan Vanylven bli ein føregangskommune med elektronisk rabatt.

– Når eg ser kor mykje dette kan utgjere for oss, tenk då kor mykje dette kan ha å seie i dei folkerike kommunane, seier rådmannen.

Milliardbeløp

Ifølge næringsminister Monica Nærland kan samfunnet spare milliardbeløp i administrasjon ved å gå over til eFaktura. Ifølge berekningar frå Visma Consulting, vil innføring av obligatorisk eFaktura aleine gi ei årleg innsparing på rundt 27 milliardar kroner. Heile 164 millionar papirfakturaer blir sendt i posten kvart år.

SAMARBEID: Vanylven og rådmann Andreas Chr. Nørve vil gå saman med Sparebanken Møre og banksjef Sissel Kragset Vik  for å finne løysingar for dei som ikkje er på nett.

– Utfordringa til no har vore å utvikle økonomisystem til også å handtere rabattar og ikkje berre gebyr, men Vanylven har no saman med gode samarbeidspartnarar klart å løyse dette nybrottsarbeidet, forklarar Nørve.

Ikkje alle er på nett

Også i Vanylven er det innbyggarar som ikkje er på nett, og kommunen er i dialog med Sparebanken Møre for å sjå om det kan finnast måtar slik at også desse kan nyte godt av prisreduksjonen.

– Vi ønskjer ingen digital diskriminering og håpar difor at vi saman med banken kan finne løysingar eller andre tiltak slik at flest mogleg får sjansen til å nyte godt av dette, seier rådmann Andreas Chr. Nørve.