Trålaren hadde då eit mannskap på sytten, men ni av dei fekk reise heim 26. mai. No er dei åtte resterande på veg til Tromsø.

–Mannskapet som er om bord har vore under eit stort press, og vi er difor glade for at vi no kan ønske dei velkomen heim, etter åtte veker på sjøen , seier Olav Remøy, styreleiar i Remøy Havfiske. Han meiner det er skremmande at ein slik bagatellmessig feil skulle få så store konsekvensar, og at saka burde ha vore løyst umiddelbart.

Når båten snart kjem til Tromsø, skal ein losse, bunkre drivstoff og skifte ut resten av mannskapet. Deretter skal trålaren ut på fiske igjen så snart som muleg. Mannskap og båt er venta å kome til Tromsø på laurdag.

Både det norske Utanriksdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet har vore involverte i arbeidet med å få trålaren fri frå arrest i Murmansk. Og sjølv om båten er fri frå arresten, er saka framleis til behandling i det russiske rettssystemet.