Det meiner kommunekespert Geir Vinsand i NIVI Analyse.

Dei to kommunane møtest til oppstartssamling 6. og 7. desember i Fosnavåg. Det unike samarbeidsprosjektet skal tene til meir kostnadseffektive og kvalitative tenester til beste for innbyggjarar og medarbeidarar i begge kommunane, heiter det i ei pressemelding.

To år

Samarbeidsprosjektet, som skal gå over to år med påfølgjande evaluering, er nyskapande. Det meiner Vinsand, som er ein av dei fremste ekspertane i landet på kommunar og kommunesamanslåing.

–Prosjektet kan innebere ei ny form for arbeidsdeling og ny organisering av det interkommunale samarbeidet, der politikarane tek ansvar for samfunnsutvikling og kommunen sin «utanrikspolitikk». Det praktiske samarbeidet om administrasjon og fagoppgåver vert løyst av vertskommunar og samordning mellom rådmennene, forklarer kommuneksperten.

Steg på vegen

Vinsand meiner at eit slikt forpliktande samarbeid kan vere både eit steg på vegen til kommunesamanslåing, og ei langsiktig, alternativ løysing.

Vanylven og Herøy skal samarbeide m.a. innan fagfelt som økonomi, personale og organisasjon, dokument og arkiv, sentralbordtenester, eigedom, tekniske fagområde, barnevern, og informasjons- og kommunikasjonsteknologi.

–På sikt kan ein sjå føre seg ei definert ansvars- og oppgåvedeling mellom kommunane, seier rådmann Andreas Chr. Nørve i Vanylven kommune.