Steling av båtar og båtutstyr er sesongprega med ein topp når båteigarane held på å ta ut båtane i april og mai, og når dei skal inn seint på hausten. Men det er ingen regel utan unntak. Skal politiet få bukt med tjuveri, er dei avhengige av hjelp frå publikum og båteigarar.

Båteigarar kan setje i gang fleire tiltak for å gjere det vanskelegare for tjuvar:

  • Fjern propell og motordeksel
  • Bruk godkjent lås og vaier/kjetting
  • Ved oppbevaring av båt/motor på hengar: Unngå at den er synleg frå hovudveg og gjer slik at hengaren vert ufunksjonell (fjern hjul, drag etc.)
  • Sett opp bom/sperre for å avgrense tilgang til området
  • Plassere båtane slik at tjuven får «håplause» arbeidstilhøve
  • Sørg for at området er godt opplyst
  • Ring politiet på telefon 02800 om du ser mistenkeleg aktivitet

Politiet vil gjerne ha tips frå dei som observerer mistenkeleg aktivitet ved marina, naustrekker og andre stader det vert lagra båtar. Notere gjerne registreringsnummer på eventuelle bilar, og ta eit bilde med mobil, dersom situasjonen tillèt dette.

-Vi ynskjer at folk skal ha ein lav terskel for å ringe politiet når dei ser noko som er mistenkeleg. Tips vår operasjonssentral på telefon 02800, skriv Sunnmøre politidistrikt.