Det er dei tre segmenta Power, Automasjon og Navigasjon som no blir samla til eit felles forretningsområde som dei kallar Norwegian Electric Systems (NES).Dette er grunnen til at dei no skiftar namn.

Havyard Power & Systems, no Norwegian Control Systems, blei etablert i 2007 og feirar i år 10 års jubileum. Det nye forretningsområdet vil levere komplette leveransar frå bru til propell. Havyard Group har hovudkontor i Herøy, og avdelingar i Bergen og Ålesund, samt ei ny avdeling i Egersund som primært skal drive med produktutvikling.

Ny kontrakt

Det nye Norwegian Control system (NCS) har fått kontrakt, og skal levere ein elektropakke til nytt vindmølleskip i Spania. Verdien på kontrakten er på ca. 10 millionar, og skal bli levert til ESVAGT august 2019. Skipet går då inn i ei kontrakt med eit dansk vindkraftselskap.

Dette blir det sjuande skipet der NCS leverar utstyr og engineerings-tenestar til offshore vind pioneren Esvagt. Havyard Design & Solution skal levere design av vindmølleskipet til Esvagt.