Havyard Ship Technology har alt tre ferjer under bygging verftet i Leirvik i Sogn og tek med denne totalleveransen verkeleg steget inn i transportmarknaden og ikkje minst vert konsernet ein leiande leverandør av elektriske ferjer.

–Vi har drage nytte av den samla kompetansen vi har som maritimt teknologikonsern der alle disiplinar har vore involverte i samarbeid mellom forretningsområda Design & Solutions, Ship Technology og Power & Systems. Dette har vore avgjerande for at vi kunne tilby ei totalløysing som innfridde dei svært strenge miljøkrava til desse ferjene, seier konsernsjef Geir Johan Bakke.

Havyard Design & Solutions har ein virtuell modelltank der ein har køyrt kontinuerlege datasimuleringar på skrogutforming, og der det er testa hundrevis av forskjellige skroglinjer for å optimalisere energiforbruket i desse sambanda.

–Og vi kan no levere ei ferje som går på batteri heile overfartstida.

Alt utstyr på batteri

Tre av ferjene skal inn på strekninga Hareid-Sulesund og to på Magerholm-Sykkylven, begge strekningane i Møre og Romsdal. Ferjene er 111 meter lange og skal ta 120 bilar.

Alt utstyr på ferjene er lagt opp til å gå på batteri, samtidig er det full backup med dieseldrift ved lengre straumstans.

Havyard Design & Solutions leverer design og engineering, Havyard Ship Technology skal bygge ferjene medan Power & Systems leverer hybrid framdriftssystem, bruløysingar og automasjon, batterisystem, laddesystem og elektriske system.

–Havyard har dermed totalpakken som skal sørge for sikker og optimal operasjon av ferjene både til effektiv  framdrift, lading, handtering og navigering, seier EVP Power & Systems, Tor Leif Mongstad.

Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1, seier det var tøff konkurranse om desse kontraktane, men at det til slutt vart Havyard Group sin kvalitet, sine leveringstider – og som alltid pris, som var utslagsgivande.