Dei har starta eit prosjekt for å lage rettleiar og gode kartverkty som skal vise kvar det er best å drive tang- og taredyrking i kommunen, skriv dei på heimesida til Herøy kommune.

Prosjektet skal bidra til at dei som vil etablere seg som tang- og taredyrkarar får eit godt produkt og hjelpemiddel når grunnlaget for søknadar om dyrkingskonsesjonar skal lagast. Prosjektet skal vere ferdig i februar 2018.

Rundt ein million kroner skal brukast på prosjektet. Ein halv million kroner er tilskot frå Regionalt Forskningsfond Midt-Norge, og resten er kommunale og private midlar. Det er fleire partnarar med i arbeidet med Tango Seaweed og Annelise Chapman i spissen. Tango Seaweed har allereie fått to konsesjonar til å drive tang- og taredyrking i Herøy. Dei andre partnarane er Artic Seaweed, Runde Miljøsenter og Norsk Institutt for vannforskning. Det skal også nyleg ha meldt seg nederlandske interessentar som vurderer å etablere seg i Herøy.