Av Charlotte Karoline Kvistad

–Eit gunstig tiltak for privat næringsliv er å senke skatten, seier Listhaug.

I heile juli er Listhaug (FrP) på valkampturne i Møre og Romsdal, der ho ynskjer å bli betre kjend med kommunane, næringslivet og innbyggjarane. Listhaug syns det er kjekt å vere på Sunnmøre og sjå på imponerande bedrifter.

GOD STEMNING: Kleven AS gav dei vitjande omvising av båten Horizon Star. På øvste dekk frå venstre Administrerande Direktør ved Kleven AS Ståle Rasmussen, Alf Johan Antonsen ved Kleven AS, Innvandrings- og Intergreringsminister Sylvi Listhaug og ordførar i Ulstein Knut Erik Engh. Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Kleven spleiselag

Alf Johan Antonsen ved Kleven fortel at dei økonomiske vanskane starta etter at båten IES Energy ikkje vart levert til tiltenkt kunde, etter sjøsettinga i 2015.

–Båten er ikkje seld enno, men vi håpar å få levert den i sommar, seier Antonsen.

Kleven har set inn tiltak for å styrke den økonomiske situasjonen, der dagens eigarar har gått inn med meir kapital, samt dei tilsette bidreg med eit ansvarleg lån på 24 millionar gjennom lønstrekk.

Ståle Rasmussen, administrerande direktør i Kleven AS, seier det er viktig å vere i god kontakt med statsråden.

–Trass i at det går dårleg med Kleven, må vi betale like mykje skatt som dei andre, seier Rasmussen.

–Eg kjempar for å få skatten ned, slik at bedriftene får meir av pengane sjølve. Då treng vi fleirtal i regjering, seier Listhaug.

TAKKA FOR LAGET: Administrerande Direktør ved Kleven AS Ståle Rasmussen, Alf Johan Antonsen ved Kleven AS, Innvandrings- og Intergreringsminister Sylvi Listhaug og ordførar i Ulstein Knut Erik Engh. Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Treng hjelp

Antonsen er også Lokallagsleiar for FrP i Ulstein, og han meiner at statsråden treng å bli kjend med næringa i fylket.

–Næringa treng hjelp frå staten for å få på plass forskjellige saker, seier Antonsen.

–Eg vil vere eit talerøyr for bedriftene, dersom dei har behov for det. Mi oppgåve er å gjere ein innsats og vere her for heile fylket, seier Listhaug.

HORIZON STAR: Båten som fekk storslaget besøk. Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Har reist kjerringa før

Gjennom sitt besøk får Listhaug vist fram bedriftseigarar og industribyggjarar – nokon av dei som har stått på for å få det til i bygde-Norge. Listhaug seier at dei har greidd å reist kjerringa før.

–Det har gått oppover og nedover i næringslivet før. Eg er sikker på at Kleven får det til å gå oppover igjen. Å senke skattane ei mogleg løysing som vi i FrP ynskjer, seier Listhaug.

Å jobbe for mindre reguleringar for bedriftene kan vere eit anna tiltak for bedriftene, meiner Listhaug. Ho jaktar på å fjerne reguleringar.

–Vi er opptekne av å halde på med bedriftene våre sjølve. Å greie oss sjølve. Eg trur ikkje  bedriftene ynskjer innblanding av staten. Det er viktig med eit sterkt lokalsamfunn. Vi må sørgje for private arbeidsplassar i framtida og ikkje berre offentlege. Nokon må skape verdiane, seier Listhaug.