Dei har mellom anna bygd eit nytt gjestehus med 10 suitar, og siste åra også investert i isolering og nye bad. Sesongen er blitt utvida frå seks til ni månadar, og er nesten fullbooka resten av sommaren.

–Det gjer det mellom anna råd å ha ein meir stabil arbeidsstokk, og det gir også positive utslag på resultatet, seier dagleg leiar Mariann Øye-Mork til nett.no (betal-teneste).

I 2016 gjorde selskapet eit solid hopp i lønsemda, skriv nett.no vidare, og er per i dag det hotellet i Flakk-gruppa som har kome lengst målt i lønsemd.