Temaet for kvelden er «Stress og persepsjonsvanskar», og arrangementet er for alle.

–Vi håpar å sjå foreldre, besteforeldre, vaksne søsken, tanter og onklar, naboar, vener, støttekontakter, fagpersonar frå barnehage og skule, tilsette i NAV, barnevern og andre kommunale og private instansar, skriv fylkeslaget om informasjonskvelden.

Kveldens forelesar er dr. Kari-Ann Eilefsen, som har vore almennpraktikar og fastlege i 25 år, gjekk over til vaksenhabiliteringa i 2006. Der vart ho med i det regionale arbeidet for å bygge kompetanse på nevropsykiatriske tilstandar. Ho er no overlege ved klinikk for psykisk helse i Helse Møre og Romsdal.

–Ho seier sjølv at ho vart fort fasinert over dei som har ei hjerne som fungerer annleis. Ho er og så heldig at ho er mormor til ein autist (som også har ADHD og Tourette Syndrom). Dei som har høyrt ho før veit at ho er engasjert og svært flink til å formidle kunnskap og erfaring, fortel arrangørane, som er glade for å ha fått ho med som forelesar. –Ho vil gje oss ei kort generell innføring i autisme, og fortelje oss om persepsjonsvanskar, som ofte er grunn for den atferden vi ser og som er vanskeleg å forstå utan nok kunnskap.

Det blir også eit brukarinnlegg ved Oskar Daniel (19). Han vil fortelje korleis han lever med autisme. Det er gratis inngang, og ein treng ikkje melde seg på. Ved behov for meir informasjon, ta kontakt på mail: mr@autismeforeningen.no.