– Utøverane i Team Tokyo er dei vi per i dag ser på som våre største satsingsprofilar fram mot dei neste Olympiske Leker. På veg dit har vi også verdsmeisterskap og europameisterskap som viktige delmål, seier Tjørhom til friidrett.no, som er nøgd med NFIF-styret si prioriterte satsing på toppidretten. OL i Tokyo går i 2020.

– Vi er glade for at vi kan vere med på å gje desse utøverane gode rammebetingelsar i si satsing. Uttaket er ikkje statisk og endeleg med tanke på åra som kjem. Vi vil jo naturlegvis vurdere kandidatar kvart år framover – også i kraft av kva økonomiske ressursar vi har, seier han.

Dei ti som er tekne ut til Team Tokyo (trenar i parentes):

Henrik Ingebrigtsen, Sandnes IL (Gjert Ingebrigtsen)
Filip Ingebrigtsen, Sandnes IL (Gjert Ingebrigtsen)
Håvard Haukenes, Norna-Salhus IL (Stephan Plätzer)
Karsten Warholm, Dimna IL (Leif Olav Alnes)
Sven Martin Skagestad, Norna-Salhus IL (Einar Kristian Tveitå)
Sondre Nordstad Moen, SK Vidar
Isabelle Pedersen, IL BUL (Charles Ryan)
Hedda Hynne, Strindheim IL (Erik Sakshaug)
Karoline Bjerkeli Grøvdal, IK Tjalve (Ståle Jan Frøynes)
Amalie Iuel, IL Tyrving (Leif Olav Alnes)